(I'm Not Your) Steppin' Stone
«(I'm Not Your) Steppin' Stone» er ein rockesong skriven av Tommy Boyce og Bobby Hart. Han vart først spelt inn av Paul Revere & the Raiders og kom ut på albumet deira Midnight Ride, utgjeve i mai 1966. Songen er enkel musikalsk med ein repeterande versprogresjon i E-dur, G-dur, A-dur og C-dur og eit repeterande mellomspel i alla breve i E-dur, G-dur, A-dur og G-dur. Monkees-versjonen
Songen er mest kjend som ein hit for The Monkees (US #20) i november 1966.[2] Musikarane på innspelinga var Micky Dolenz (solovokal); Tommy Boyce (korvokal); Wayne Erwin, Gerry McGee og Louie Shelton(gitar); Bobby Hart (orgel); Larry Taylor (bass); Billy Lewis (trommer) og Henry Lewy (perkusjon). Versjonane til Monkees på singelen og stereo- og monoversjonen av albumet er alle forskjellige. Andre versjonarSongen er blitt spelt inn av mange andre aritstar, som Liverpool Five, Sex Pistols, Tom Petty and the Heartbreakers, Vicious White Kids, Johnny Thunders, The Merton Parkas, Blutgräfin, Minor Threat, Denny Darrison & the Heavy Bertations, State of Alert, The Flies, The Farm, The Catalina Scramblers, The Feminine Complex, DS-13, Denki-Groove, Six Feet Under, The Trashmen, Intruder, The Untouchables, Modern Rocketry, Hot Nasties, Per Gessle, Les Thugs, Fang, The W.C. Fields Memorial Electric String Band, The Pivots, Deadlok, The Rebounds, Barbi and the Kens, argentinske Massacre, The Flares og britiske Scholars. Det var òg ein hit for Modern Rocketry i 1983 som nådde sjuandeplassen på den amerikanske Disco/Dance/House-lista og av PJ & Duncan i 1996, som nådde 11. plassen på UK Singles Chart.[3] Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia