Digital mogenskapDigital mogenskap er eit faguttrykk som referer til nivået på digital kompetanse og utnytting av digitale verktøy i ein organisasjon. Mogenskap er eit viktig utgangspunkt for å vurdere vidare satsing og investering i digitalisering/digital transformasjon. Det er mange partar som sett krav til at organisasjonar utviklar seg, for eksempel: krav sett av investorar, kundar og partnerar; juridiske krav; i tillegg til press frå konkurrentar av organisasjonen. Før ein byrjar eit nytt digitaliserings- eller transformasjonsprosjekt må leiarar kartlegge kvar på mogenskapsskalaen organisasjonen står i dag for å ta informerte og strategiske val for framtida.[1][2] Digital mogenskapsmodellarDigital mogenskapsmodellar (DMM) er eit verktøy som fleire av dei største globale utviklarane og konsulentbedriftene innan digitale løysningar viser til. Verktøyet kartlegg status quo i organisasjonen i høve til utnytting av dagens digitale ressursar i samanlikning med framtidige behov.[3] Det finst varierande modeller frå forskjellige organisasjonar for å skape sine eigne unike produkt/verktøy, blant anna Gartner INC,[4] Google/BCG[5] og Deloitte.[6] Deloitte[6] eksempel - digital mogenskap ovanfor 5 business dimensjonar: 1) Kunden - Skape ein oppleving for kunden der bedrifta blir sett på som deira digitale partner 2) Strategi - Fokus på konkurransedyktigheit gjennom digital innovasjon og at dette er tett knyttet til bedrifta si gjennomgåande strategiske mål 3) Teknologi - Digital strategi knyta til å skape, prosessere, lagre, sikre og dele data for å møte kundens mål til ein lav pris samt lave utgifter 4) Operasjon - Utføre og utvikle prosessane knytta til digital strategi for å oppnå effektive løysningar 5) Organisasjon og Kultur - Definere og utvikle organisasjonskulturen for å støtte utvikling parallelt med nivå av digital mogenskap. Derav skape rom for å oppnå vekst og innovasjon Til sjuande og sist er grunnlaget for verktøyet det same, å oppnå eit informert grunnlag for digitalisering og digital transformasjon. Dette for å unngå typiske fallgruver innan leiing av digital utvikling: Ned-prioritere å kartlegge utnytting av interne digitale ressursar; Varierande digital forståing i leiargruppa; Over-optimisme knyta til noverande business-modell; Overmodige leiarar med for lite kunnskap som er driven av ovannemnde eksterne krav; etc.[1][2][7][8] Digitalisering vs Digital Transformasjon - 5 Generasjonar av Digital MogenskapForfattar samt Direktør og Grunnleggar av Digitaliseringsinstituttet DI2X, Pernille Kræmmergaard, viser i si bok Digital Transformasjon[9] til 5 generasjonar av Digital mogenskap («Digitaliseringstrappa»): Gen. 1) IT som systemleverandør (digitalisering) - Digitalisering/automatisering med dagens verktøy og praksisar Gen. 2) IT som infrastruktur (digitalisering) - Bruke digitale verktøy for å oppnå effektivisering gjennom å standardisere og forbetre interne prosesser Gen. 3) IT som leverandør av verdi til heile bedrifta (digital transformasjon) - Digitalisering brukt for å lage produkta og tenester på nye måtar. Brukardreven open innovasjon. Gen. 4) IT som teknologisk leiar (digital transformasjon) - Skape eit økosystem. Vekst av nettverk og partnarskap med tenester tilgjengeleg på ein samla plattform Gen. 5) IT er integrert i heile organisasjonen (digital transformasjon) - Proaktive og Personlege tenester. Fokus på relevans, sikkerheit og brukarvennlegheit. Bruk av kunstig intelligens og andre moderne, robotiserte og virtuelle verktøy i utviklingsfasen. Dette er ein kortfatta introduksjon til Kræmmergaards illustrasjon av den graderande kompleksiteten som krevjast for å nå høgaste grad av digital mogenskap, samt vegen frå digitalisering til digital transformasjon. Du finner den største generasjonsvariasjonen mellom steg 2 og 3, der den digitale prosessen utfordra organisasjonens grunnleggande tankegang rundt måten den sjølv arbeider på og si rolle ovanfor sluttbrukar/kunde.[10] Pernille Kræmmergard viser i si bok om digital modning til eit relevant sitat fra en dansk filosof, Søren Kierkegaard: «Hvis jeg skal lykkes i å lede et menneske mot et bestemt mål, må jeg først finne ut hvor det befinner seg, og begynne der. Den som ikke klarer dette, bedrar seg selv hvis man tror at han kan hjelpe andre.» Sitatet merker ho seg som eit godt grunnlag for å forstå kvifor det er viktig å reflektere med verktøy som «mogenskapsmodellar» og «digitaliseringstrappa» for å legge eit strategisk fundament for vidare vekst.[11] Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia