Ekteskap i swahilikulturen![]() Foto: Lars Plougmann Ekteskapet er ein svært viktig del av swahilikulturen. Det regulerer samliv, seksualitet og status, og blir sett på som ein obligatorisk del av livet åt ein swahili. Som i andre kulturar er tradisjonane under utvikling og det er ikkje alt som er slik det var før. Det er også stor variasjon mellom ulike delar av swahilikulturen. All swahilisk ekteskapstradisjon har likevel det islamske grunnlaget til felles. Sharialovene og Koranen med Muhammed som førebilete gjev spesifikke peikepinnar for korleis ein muslim skal leva, også når det gjeld ekteskapet. Det er ikkje før ein har gifta seg at ein går over til å bli ein skikkeleg vaksen mann eller kvinne. Giftarmålet kan seiast å vera den siste overgangsriten for å bli vaksen, sjølv om ein også i ettertid må vise at ein er fruktbar og får born. FøresetnaderInnan muslimsk og dermed swahilisk kultur er det mannen som giftar seg med kvinna og ikkje omvendt. Før ein swahili kan gifta seg er det visse føresetnader som må oppfyllast. Gifteklar alder![]() Verken jenter eller gutar kan gifta seg som born. Dei kan «lovast bort», det vil seie at foreldra kan avtala at dei skal gifta seg, men born kan ikkje gifta seg. I swahilisk kultur er ein born fram til ein har komme i puberteten og har gjennomgått overgangsritane. Ein er ikkje heilt vaksen etter dette, men klar til å gifta seg. Ingen kan gifta seg utan å ha gått gjennom overgangsritane.[1] Overgangsritane vert generelt kalla unyago. Jenta![]() Foto: Rahimadatia Ei jente går frå å vera born (mtoto) til å bli «ung jente» frå ho er 7 år til puberteten kring 14 år (kigori) og før overgangsseremonien «ung jente klar for overgang» (mwari, msichana eller mwanamwali) når ho får sin første menstruasjon, normalt i alderen 9 til 15 år.[1] Ikkje lenge etter vil ho normalt flytta til ei kungwi (også kalla somo) som er ei lærarinne eller forstandar. Ho kan bu saman med kungwien frå ein månad til eit år, normalt 6 til 12 månader, eller kungwien kjem på besøk. Grunnen til dette er at jenta skal få privat undervisning for å førebu ho til kvinnetilveret, inkludert seksualundervisning. Denne førebuinga vert avslutta med eit kurs saman med andre jenter på myombo-staden som normalt er under eit tre, men kan også vera eit rom, hus eller hytte; hovudsaka er at det er privat og skjerma. Dette kurset varar opp til 7 dagar og inkluderer også seksualundervisning og dans. Etterpå har jenta gjennomgått overgangsritane og er gifteklar. GutenInnanfor islamsk tradisjon er det vanleg å omskjera gutar. Dette vert anten gjort ved fødsel, eller det vert gjort ved overgangsritane. Gutar går gjennom overgansritane når dei har nådd puberteten mellom 9 og 16 år gamle. Dersom dei ikkje allereie er omskorne vil hovudpunktet i ritualet vera omskjeringa. Slik som jentene har gutane ei samling som også kan bli kalla unyago (eller jando), der dei får opplæring i seksualitet og korleis menn skal oppføra seg. Etter overgangsritane er gutane vortne menn som er klare til å gifta seg. MuslimVanlegvis giftar swahiliar seg med muslimske syskenborn (born av mor eller far sine sysken). Sidan borna blir sett på som mannen sin eigedom kan ikkje ei swahilikvinne gifta seg med ein ikkje-muslimsk mann fordi barna då vil kunna bli ikkje-truande og dermed ikkje frelste. Slik blir det til at swahilimenn kan gifta seg med ikkje-muslimske kvinner, medan swahilikvinner ikkje kan gifta seg med ikkje-muslimske menn (i dag hender det også at swahilikvinner giftar seg med ikkje-muslimske menn). Det er likevel ikkje kva som helst ikkje-muslim ein swahilimann kan gifta seg med. Ho må vedkjenna seg ei tru under Al-Kitab (Boka), altså jødedom eller kristendom. I tillegg til dette må dei som giftar bort kvinna eller skal gi sitt samtykke til at ho giftar seg vera muslimske. Alle andre må konvertere til islam for å kunne gifta seg med ein swahili. [2] Kven kan gifta seg med kvenEin som ikkje kan reprodusera seg kan heller ikkje gifta seg. Skulle eit giftarmål likevel bli gjennomført er det automatisk annullert dersom det blir oppdaga til dømes at partnaren er steril. Dette gjeld særleg dersom kvinna ynskjer eigne born, mannen kan eventuelt ta ei kone til å få born med. Islamsk lovSwahili kultur er islamsk, swahiliane må difor følgja islamsk lov omkring ekteskap. Denne inneber mellom anna at menn kan gifta seg med opp til 4 kvinner, medan kvinner berre kan vera gift med ein mann. Ein mann kan ikkje gifta seg med dei han er nært i slekt med, det vil seia:
Ekteskap mellom barn av systrer er lov, men blir helst ikkje utført fordi det kan vera ulovleg sidan systrer kan amma barna til kvarandre og ved sjukdom eller død ta over som forelder. Eit ekteskap kunne då bryta regel nr. 3. Born av ei mor bør heller ikkje gifta seg med barnebarn av hennar syster. I tillegg skriv El-Busaidy at «koneutveksling», der to menn giftar døtrene sine til kvarandre (ndoa ya shighar) ikkje er lovleg. Heller ikkje mellombels ekteskap, det vil seie ekteskap som er førehandsbegrensa til eit kortare tidsrom skal vera lovleg, men dette gjeld nok for «Shafii-sunni»-delen av Islam og ikkje fullt så mykje for sharifu. Middleton (1992) melder at sharifumenn brukar slike ekteskap med ikkje-sharifukvinner. Menn kan heller ikkje vera gift med kvinner som er nære slektningar til kvarandre samtidig, til dømes to eller fleire systrer eller ei kvinne og tanta hennar. Profeten Muhammed let syskenbarnet sitt, Ali, gifta seg med dottera si, Fatima. Dette blir sett på som eit godt utgangspunkt for kva som er bra giftarmål.[2] EkteskapsformerEkteskap i swahilisamanheng er meir som rammer for korleis menn og kvinner kan ha seksuell kontakt og eventuelt bu saman. Det er berre ndoa ya rasmi-ekteskap som er slik ekteskap blir oppfatta i norsk/vestleg samanheng. Når føresetnadane er til stades kan swahilimenn velja mellom fleire ulike ekteskapsformer, nokre er lovlege andre er mindre likte og blir tildels sett på som ulovlege. Kva ekteskapsform som blir brukt varierer mellom anna etter om mannen allereie er gift, kva status han har, kva status den potensielle brura har og kvar i swahililand han og brura kjem frå. Lovlege (ndoa)Ndoa kjem frå kuoa som tyder å gifte. Ndoa-ekteskap er lovleg ekteskap etter islamsk og tradisjonell lov [1]. Det er fleire former for ndoa-giftarmål:
Ulovlege (harimu)Ulovleg samliv er ikkje ndoa. Dette inkluderer seksuelt samliv med nyleg skilde eller forlatne kvinner, prostituerte og menn. Slike samliv er ikkje uvanlege, heller ikkje homoseksuelle forhold, men dei blir sett ned på. Dersom dei ikkje blir utført diskré og med moderat frekvens kan det også føra til sanksjonar.[1] FørebuingKor mykje eit ekteskap og bryllaup blir førebudd vil naturlegvis variera mykje etter kva ekteskap som skal inngåast. Kor staselege og store bryllaupa er, vil vera avhengig av kor mykje ressursar familiane til ektemakane, og eventuelt ektemakane sjølve har til rådvelde. Før i tida vart både jenter og gutar gifte ganske unge, særleg jenter kunne bli gift kort tid etter at dei var komne inn i puberteten og hadde gjennomgått overgangsritane. I dag er ektemakane normalt ferdig på skulen og i midten av tenåra før dei giftar seg.[1][2]. Det er forventa av ein swahili at han giftar seg dersom han kan. Dei muslimske profetane er førebilete ettersom alle utanom Jesus (Nabii Isa Bin Maryamu) gifta seg, og Jesus gifta seg ikkje fordi han døydde ung. Val av ektemakeFørste ekteskapet for swahiliar er normalt eit ekteskap arrangert av foreldra. Skilsmisser er ikkje unormalt, og har ei kvinne allereie vore gift reknar ein ho normalt som så moden at ho sjølv kan velja ektemaken sin. Ekteskapet, særleg det første, om det er arrangert av foreldre eller ektemakane sjølve, vil normalt vera del av ein langsiktig strategi for å sikra slekt, leveveg og avkom.[1] Ein mann må difor finne seg ein ektemake som er av liknande status og leveveg, ei kvinne han har råd til å ta seg av.[2] Difor er også polygami vanlegare mellom dei meir ressurssterke. Kven foreldra vel til ektemake for ein mann vil variera med kva samfunnslag eller -slekt familien er av. Det som er felles er at ekteskapet vil inngå i ein strategi for å gje slekta gode forbindelsar og sjå til at arv går den rette vegen. Både jenter og gutar kan ha ynskje om kven dei vil gifta seg med, dersom dei ikkje allereie er lova bort i veldig ung alder, men slike ynskje vil normalt ikkje vega så veldig tungt. Til sjuande og sist kan uansett både jente og gut seie nei til å bli gift i bryllaupet. Dersom ein mann allereie har ein eller fleire ektemakar og vil ha ein til, må han konsultera seg med desse først dersom han vil ta med kona heim. Det er ikkje alltid lett å få fleire kvinner til å leva i samliv og konkubiner blir av denne grunn oppfatta som ei god løysing. Andre løysingar kan innebera at kvar kone har sin eigen heim. AristokrataneAristokratane (patricians) som bur i dei swahiliske steinbyane (stone-towns, til dømes Lamu og Hadimu) skil seg frå andre swahiliar ved at dei legg stor vekt på å gifta seg innan slekta. Førstefødde born av brør vil få oppgåva med å føra eigedomen i slekta vidare innan slektslina. Særleg for aristokratane gjeld difor påstanden om at «mannen giftar seg ikkje med ei kone, han giftar seg med ei slektsgruppe» (Mtu baowi mke huowa ukoo.[1] Når førstefødde born av brør giftar seg medfører dette at eigedomen til slekta blir i slekta si eige etter arv.[1] Utanom førstefødde er normalen at kvinner som ikkje har gifta seg før vil bli gifta til born av onklar på morssida eller born av onklar eller tanter på farssida, såkalla «kryss-syskenborn»-ekteskap («cross-cousin»). For aristokratane er det viktig at brudgom og brur er av same kufu, som tyder noko slikt som rank eller sosialt nivå. Ekteskap utanfor slektslina blir også arrangert, men er då helst med seinarefødde døtrer som giftar seg med ein strategisk viktig person utanfrå (til dømes ein handelskontakt), dette vil normalt medføra krav om høgare medgift. LandsbygdaMedan aristokratane i steinbyane har det ein kan kalla ein ekskluderande ekteskapsstrategi, har dei ein meir inkluderande ekteskapsstrategi på landsbygda («country-towns»). Første ekteskap vil normalt vera kryss-syskenbarn-ekteskap som hjå aristokratane, men slekta er gjerne fjernare, særleg geografisk. Seinare ekteskap kan også vera fjernare slik at avkommet har fleire val når han veks opp for kor han vil etablera seg, det vil seie at det har fleire fedre med ulike ressursar å dra nytte av. FrieriFrieriet (poso) er det første skikkelege steget på veg til å bli gift. Dette er obligatorisk og blir gjort av mannen eller når det er eit arrangert ekteskap av mennene i mannen sin familie på hans vegne. Mannen sin familie vil først gjera uformelle undersøkingar om den potensielle brura for å finne ut kor «rein» ho er og kva status ho har, det vil seie om ho er jomfru, har høg moralsk standard osb. Deretter sender dei ein mshenga på offisielt besøk til brura sin familie. Mshenga'en ytrar deira ynskje og undersøkjer kva svar familien truleg vil få. Då vil også familien åt brura gjera uformelle undersøkingar for å finne ut om brudgommen og hans status. Brudgomsfamilien vil vanlegvis ikkje få svar før dei kjem tilbake og spør formelt på nytt eller sender mshengaen. Dersom brur og brudgom ikkje kjenner kvarandre får dei møta kvarandre på ulike «uoffisielle» måtar, slik at dei kan få vurdert og fortald foreldra sine om dei er einige eller ikkje. Dersom frieriet blir akseptert kan også eventuelt brudgomsfamilien betala ein sum for å sikra seg at andre friarar ikkje blir akseptert.[1] Forloving (uchumba)Når ein friar er akseptert vil ein normalt byrja forhandlingar om forlovinga og ekteskapet som resulterer i ei ekteskapskontrakt (ahadi). Nær slekt forhandlar meir uformelt, medan i forhandlingar mellom fjernare slekt eller for par som ikkje er i slekt kan ein ha med ein eigen forhandlar. Forhandlingane kan også bli utført av ein mshenga. Den som gir bort brura er høgare/betre posisjonert enn ein som tek imot brura, dette skiljet finn ein særleg på landsbygda, medan kufu dominerer i aristokratiet.[1] MedgiftFastsetjing av medgift vil vera ein del av ekteskapsforhandlingane, men som med andre ting er også medgifta viktigast ved det første ndoa ya rasmi-giftarmålet åt ei kvinne. I andre giftarmål er ofte medgifta mykje redusert eller heilt fråverande. Medgifta går alltid til brura eller familien hennar.[1] listar fem ulike kategoriar medgift for swahiliane i steinbyane, tre frå brudgommen eller familien hans til brura eller familien hennar, og to innanfor brudefamilien. På landsbygda skal det vera mykje det same, men ikkje nødvendigvis så stort skilje mellom dei ulike kategoriane. Frå brudgom til brur
Frå brurefamilie til brur
Før vigselsseremonienNår ekteskapskontrakta er ferdig byrjar etterkvart førebuing til bryllaupet. Dei kommande ektemakane kan møta kvarandre, men mannen får berre sjå hendene og andletet åt brura. Familiane åt ektemakane kjem først saman for å fastsetje bryllaupsdatoen. Sjølv om det eigentleg ikkje er tillate innan islam kan det vera dei konsulterer synske, eller andre «kloke personar» for å fastsetje ein best mogleg dato. Når datoen er sett byrjar ein å laga lister over kven som skal inviterast. Nær slekt kan få dette som eige ansvar og blir då kalla «kvinna som inviterer» (mwalishi mke) på brura si side, eller «mannen som inviterer» (mwalishi mume) på brudgommen si side.[1] Bryllaupet kan også bli annonsert i ulike media. Gjestene blir invitert munnleg, gjennom annonsering eller i det siste også med kort. ![]() Foto: Paul Brockmeyer Kikombe cha kahawa (drikka ein kopp kaffi, òg kalla sagai) er ein førbryllaupsfest som blir nytta av brura sin familie til å formelt annonsera når brura skal gifta seg med kven. Deretter kan det også bli arrangert andre seremoniar og dansing. Tari la njia er ein arabisk dans som blir utført om ettermiddagen, medan om kvelden blir det dansa tari la kudiriji. Deretter blir det arrangert ein seremoni for å fylla ektesenga. Denne blir kalla kupiga pamba og bruka å tyde at ein gjekk og samla bomull til madrassen til ektesenga. I dag er det vanleg å gå saman for å kjøpe sengestellet på marknaden.[2] I steinbyane går jenta gjennom ein ganske lang førbryllaupsseremoni som normalt vil vara tre dagar.[1] Heile prosessen går ut på å førebu brura slik at ho blir «rein», «nøytral» og klar for ektemannen. Første delen blir kalla kutiwa chooni («å bli putta inn på badet») og inneber at ho blir barbert over heile kroppen unnateke hovudet, slik at ho blir symbolsk naken og rein. Andre delen blir kalla jiwe la tibu («parfymestein») og inneber pynting med parfyme. Resten er ein prosess som kan kallast kufuga ukuti («få fram venleiken hennar») som skapar ho om frå barn til kvinne.[1] Når brura er ferdig med denne prosessen blir det arrangert våkenetter både for brudgommen og brura. BryllaupetSom resten av ekteskapstradisjonane er arrangementet av bryllaupet avhengig av ekteskapsform, kven som skal giftast og om det er første ekteskap. Nokre ekteskapsformer inneber som nemnd ikkje bryllaup i det heile, bryllaup for fråskilde kvinner vil normalt ikkje vera så store og dyre, og fattige vil ikkje ha råd til like store og kostbare seremoniar som rike. Bryllaupsdatoen blir sett slik at slutten på kveitebrødsdagane sluttar på ein fredag for at brudgommen kan gå på middagsbønn.[1] Bryllaupet skal helst haldast i månaden før ramadan.[1] Brudgommen blir kalla Bwana Harusi og brura Bibi Harusi. For at giftarmålet skal vera gyldig må ein verje (walii) av brura gje sitt samtykke. Ein walii kan vera ein muslimsk person som er i slekt med brura, ein dommar (khadi) eller liknande funksjonær, eller ein slaveeigar som har sett brura (slaven) fri. I tillegg må giftemålet vitnast av minst to muslimske personar som kan tala språket som blir brukt under seremonien, høyra, og sjå. Før sjølve vigselsseremonien blir brura spurt med vitna til stades om ho vil gifta seg med brudgommen. Dersom det er første ekteskapet hennar skal ho ikkje ope svara ja dersom ho ynskjer å gifta seg, men heller teie og grina. Skulle ho derimot ikkje ynskja å gifta seg kan ho svara ope nei, og bryllaupet må avblåsast.[2] Vigselsseremonien går føre seg heime eller i moskéen. Mannen blir spurt om han vil gifta seg med brura tre gonger, og må samtykka tre gonger. Sjølve underskrivinga av ekteskapskontrakten kan bli utført morgonen etter, også i huset åt brurefamilien eller i moskéen. Kveitebrødsdagane![]() Foto: Esculapio Første delen av kveitebrødsdagane er truleg like viktig som sjølve bryllaupet for førstegongsgifte kvinner. Då skal det provast om brura er jomfru og dermed om æra er i behald. Kveitebrødsdagane blir kalla fungate som er eit bantuord for talet sju, fordi kveitebrødsdagane varar sju dagar (med eller utan bryllapsdagen). Brudgommen blir vanlegvis teken til brura, som er hjå sin eigen familie, torsdagen etter bryllaupet, anten av eldre slektningar, vener, eller begge. Der møter han ei låst dør. For å komma inn, bankar han på, døra blir då opna av somoar eller kungwiar som han må gje gåver til, elles let dei han ikkje inn. No byrjar han altså å gje den siste kategorien medgift, kvar gong som eit steg i seremonien. Inne i huset er kvinner og menn fråskilde på eigne rom eller eine og andre sida av rommet. Etter at helsingar og introduksjonar er ferdige blir brudgommen ført til brura på soverommet av ein somo eller kungwi, også her kan han bli møtt av ei stengd dør som berre blir opna dersom det blir gjeve gåve. Når brudgommen er inne set han seg saman med brura på sengekanten og vil halde hendene hennar, men får ikkje lov før han har gjeve ho ei gåve kalla kono («halde handa-avgift», også kalla kipamkono). Då får han halde hendene hennar, men han får ikkje sjå henne. For å få sjå henne må brudgommen gje henne «avsløringsavgift» (fichuo). Til slutt må han gje henne «omfamningsavgift» (kipakasa) for å få lov til å omfamne ho. Når han har omfamna ho småpratar dei. Deretter kan brudgommen gå tilbake til venene sine og eta bryllaupsmat (kombe la harusi) og senda noko til brura, eller han et det saman med brura i senga. Maten skal gje mannen styrke til jomfrutesten. Jomfrutesten blir gjort seinare på kvelden. Senga til brura er dekt med bomullsklede som seinare skal ta til seg jomfrublodet og visast fram. Somoen er i nærleiken for eventuelt å vera til hjelp, komma med meir mat, og til slutt ta seg av «jomfrubeviset». Brudgommen si oppgåve er å trengja gjennom jomfruhinna med penis slik at brura blør jomfrublod som bevis på hennar «reinheit». Samleie skal ikkje fullførast og mannen må ikkje ejakulera fordi dette vil gjera blodet ureint slik at bomullskledet ikkje kan visast fram. Det blir forventa at testen kan ta fleire timar og til og med dagar. Dersom brura er jomfru vil ho få endå ei gåve av brudgommen som takk for jomfrudommen, denne blir kalla jazua (eller kipamkono eller kipakasa). Kungwien eller somoen sjekkar bomullskledet og dersom ho er jomfru så blir dette annonsert. Deretter blir brudgommen og brura saman innandørs resten av kveitebrødsdagane. I denne tida blir dei behandla som kongelege, og får alle ynskje oppfylt.[2] Referansar
Meir litteratur
|
Portal di Ensiklopedia Dunia