Elektron![]() Eit elektron er ein negativt ladd elementærpartikkel som krinsar rundt kjernen i eit atom. Elektronet høyrer til leptona. Elektron vert stundom kalla eit negatron for å understreke at det er snakk om den negative partikkelen og ikkje det positivt ladde elektronet, positronet. Stundom nyttar ein òg nemningane negaton og positon. HistorieOrdet elektron vart oppfunne av Georg Johnstone Stoney for å beskrive den minste eininga for elektrisk ladning. Elektronet vart påvist av J.J. Thomson i 1897. EigenskaparNår det er like mange elektron som proton i atomet er atomet elektrisk nøytralt. Når det ulikt tal elektron og proton i atomet er atomet eit ion. Elektronets ladning er: -1,602177 × 10-19 C. Det er same ladning som eit proton har, men med motsett fortegn. Elektronets masse er: 9,1093897 × 10-31 kg. Det er om lag 1⁄1836 av massen til eit proton. Elektronet har spinn ½ og er dermed eit fermion.
|
Portal di Ensiklopedia Dunia