En krybbe var vuggen«Away in a Manger» er ein engelskspråkleg julesong eller salme frå USA. På norsk er han kjend som «En krybbe var vuggen» eller «En krybbe var vuggen som ventet ham her». ![]() Tekstforfattaren er ukjend, sjølv om songen lenge var tillagt Martin Luther. Han kan syngast til ei rekkje ulike melodiar. Den best kjende i USA er kjend som Mueller, og kom ut i ei songbok gjeven ut av James R. Murray, som truleg også var komponisten, i 1897. Den vanlegaste melodien i Storbritannia blei skriven av amerikanske William J. Kirkpatrick i 1895. Begge desse melodiane er brukte i norsk samanheng. Dei første to versa av songen, utan melodi, blei gjevne ut i The Sailors' Magazine and Seamen's Friend sitt novembernummer i 1883.[1] Songen hadde tittelen Luther's Cradle Song, og blei hevda å vera skriven av Martin Luther for ungane hans.[2][1] Ein liknande artikkel kom ut i The Myrtle i mai 1884, med eit forslag om å synga versa til melodien til «Home! Sweet Home!».[3] Songen kom ut under tittelen «Away in a Manger», saman med ein melodi, i søndagsskulesongboka Little Children's Book for Schools and Families (1885). Melodien var den såkalla «St. Kilda» som er tillagt J.E. Clark,[4] Den norske versjonen av songen er skriven av Eyvind Skeie. Han er ei gjendikting av dei to første engelske versa med to nyskrivne vers lagt til.[5] Samen kom med i Norsk salmebok frå 1985 som nummer 64, og blei nummer 56 i Norsk salmebok 2013.[6] Salmen kan brukast til jul[7] og til påske.[8] Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia