Filmen Deadpool
Deadpool er ein amerikansk superheltfilm frå 2016, basert på Marvel Comics-karakteren under same namn. Filmen er den åttande i filmserien X-Men og den første Deadpool-filmen. Han er regissert av Tim Miller og skriven av Rhett Reese og Paul Wernick, med Ryan Reynolds i hovudrolla, i tillegg til Morena Baccarin, Ed Skrein, T.J. Miller, Gina Carano og Brianna Hildebrand i andre roller. Handlinga i filmen fokuserer på Wade Wilson som er på jakt etter mannen som gav han mutant-superkrefter, men også ein arrete utsjånad, som antihelten Deadpool.[7] Deadpool vart publisert i USA 12. februar 2016, etter ein ukonvensjonell marknadskampanje der reklame for filmen vart sirkulert hyppig over internettet. Filmen vart ein kommersiell og kritisk suksess. Han tente inn over 783 millionar USD mot eit budsjett på 58 millionar USD.[8] Filmen fekk positiv omtale for skodespelet til Reynolds, humoren og for å vere trufast til dei opphavlege teikneseriane. Ein oppfølgjar, Deadpool 2, vart utgjeven i mai 2018. Referansar
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia