Fourier-transformasjonFourier-transformasjon (ofte forkorta til FT) er ei lineæravbilding som transformerer ein funksjon av reelle variablar med komplekse verdiar til ein annan[1][2]. I applikasjonar som signalhandsaming transformerer ein typisk frå tidsplanet til frekvensplanet. Dette kan samanliknast med at ein akkord i musikk kan skildrast av notane som vert spelt. Så i praksis så dekomponerer fouriertransformasjonen ein funksjon, eller eit signal, i ein sum av oscillerande funksjonar, som kan uttrykkast som - og -funksjonar, eller som ein sum av eksponentialfunksjonar. Fourier-transformasjon og generaliseringane er emne i Fourier-analyse. Det er mogeleg å definere Fourier-transformasjonen til ein funksjon av fleire variablar, noko som til dømes er viktig i det fysiske studiet av bølgjer og biletehandsaming. Det er òg mogleg å generalisere Fourier-transformasjonen på diskrete strukturar som endelege grupper. DefinisjonDet finst fleire vanlege måtar å definere fouriertransformasjonen av ein integrerbar funksjon. Denne artikkelen nyttar definisjonen:
der . Når variabelen representerer tid (med SI-eininga sekund), representerer transformasjonsvariabelen vinkelfrekvens, som kan konverterast til temporal frekvens (i Hz). Etter som Fourier-transformasjonen dekomponerer signalet i frekvenskomponentar , med ulik frekvens og amplitude, vert ho kalla analyselikninga. Invers Fourier-transformasjonInvers transformasjon, som typisk transformerer frå frekvensplanet til tidsplanet, vert definert som[3]
Faktoren er ein skaleringskonstant, som syter for at energien er den same i tids- og frekvensplanet; sjå Parsevals teorem. Etter som den inverse Fourier-transformasjonen syntiserer eit signalet i tidsplanet, som ein sum av ulike oscillerande bølgjer (frekvenskomponentar) , med ulik frekvens og amplitude, vert ho kalla symteseselikninga. Samanhengen med Laplace-transformasjonenFourier-transformasjonen kan sjåast på som eit spesialtilfelle av den to-sidige Laplace-transformasjonen. Laplace-transformasjonen transformerer eit signal til det komplekse -planet, der er ein kompleks frekvensvariabel. I samband med Fourier-transfroma er realdelen sett til null. slik at ein ender ein opp med den imaginære delen av frekvensvariabelen , som ligg på den imaginære aksen i -planet. At dei ulike Fouirer-komponentane (frekvens-komponentane) ligg på den imaginære aksen betyr at dei er periodiske. Fourier-transformasjonen er med andre ord eit speialtilfelle av Laplace-transformasjonen, som vert nytta når signalet er periodiskt. EigenskaparLinearitetFouriertransformasjonen er ei lineæravbilding: Funksjonsprodukt og foldingFor produkt av funksjonar gjeld her markerer ein foldingsoperator (konvolusjon). Tids- og frekvensforskyvingDerivasjonFor deriverte av funksjonar gjeld Referansar |
Portal di Ensiklopedia Dunia