«Free Fallin'» er opningssporet på det første soloalbumet til Tom Petty, Full Moon Fever frå 1989. Songen vart skriven av Petty og Jeff Lynne (og Lynne er med på korvokal og bassgitar). Duoen skreiv og spelte inn singelen på to dagar, og det var den første songen som vart gjort ferdig for Full Moon Fever.
«Free Fallin'» er ein av dei mest kjende Petty-songane, og den som låg lengst på singellistene. Han nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 i januar 1990. Petty og The Heartbreakers framførte songen på MTV Video Music Awards i 1989 med Axl Rose og Izzy Stradlin og i februar 2008 i pausen på Super Bowl.[1] Songen er rangert på 179. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen er nytta i filmen Jerry Maguire frå 1996 og The Sopranos-episoden «Funhouse» (2000). Lou Reed valde ut songen som ein av favorittane hans frå 1989..[2]
I 1996 - Stevie Nicks spelte songen for musikken til Party of Five, og songen vart seinare spelt inn for albumet Enchanted
I 1996 - Komikargruppa The Dead Alewives spelte inn ein parodi av songen kalla «Total Recallin'»
I 1999 - Deana Carter song ein versjon av songen som vart spelt i sesong tre av animasjonskomedien King of The Hill (sendt 14. mai 1999). Denne versjonen vart sidan gjeven ut på musikkalbumet frå serien.
I 2008 - I episode 119 av Cold Case, kalla «Triple Threat», vert songen spelt inn av den russiske songaren Elena Satine, der det andre verset var erstatta av «Va Pensiero» frå Verdi sin Nabucco, sungen på italiensk av Satine.