Hand Sown ... Home Grown
Hand Sown ... Home Grown er det første soloalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i mars 1969 på Capitol Records. Det var produsert av Chip Douglas frå The Turtles og Ronstadt tok her eit avgjerande steg bort frå folkemusikken til The Stone Poneys mot country og rock. Hand Sown... inneheld mellom anna coverversjonar av songar av Bob Dylan, Randy Newman og Fred Neil, og ein song skriven av det tidlegare Stone Poney-medlemmet Kenny Edwards, som kom til å spele i bandet hennar gjennom 1970-åra. Albumet selde dårleg og gjekk ikkje inn på Billboard-lista. Det hadde seld mindre enn 10 000 eksemplar før det neste albumet hennar kom ut. Ein singel frå albumet kom seg inn på Billboard Hot 100 Pop Singles-lista i 1971, etter at det neste albumet hennar, Silk Purse, var komen ut. Edwards sin «The Long Way Around» var B-side til «(She's A) Very Lovely Woman», som berre kom ut på singel. Denne kom først ut på CD i 2009. Singelen nådde 70. plassen i 1971.[3] Begge songane gjekk òg inn på Cash Box-lista. Trass i dårlege salstal var Hand Sown... med å gje Ronstadt merksemd då ho song på fleire fjernsynsshow, mellom anna på The Johnny Cash Show i juni 1969, der ho framførte «Only Mama That'll Walk the Line» nesten eit år før låtskrivaren, Waylon Jennings, framførte sin versjon på same showet. Hand Sown ... Home Grown inneheld ein tidleg versjon av «Silver Threads and Golden Needles», ein coverversjon av The Springfields-hitten frå 1962. Ronstadt spelte inn denne igjen på ny i 1973 for albumet Don't Cry Now, og denne gongen gjekk singelutgåva inn på topp 20 på Billboard Hot Country Songs-lista tidleg i 1974. Musikarar på albumet var mellom andre Clarence White frå The Byrds, Bernie Leadon (som seinare var med å skipe Eagles), Red Rhodes og Larry Knechtel. InnhaldPå den originale LP-plata vart side ein kalla «Hand Sown» og side to kalla «Home Grown».
Medverkande
Teknisk
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia