I'm Happy Just to Dance with You
«I'm Happy Just to Dance with You» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney[2] og spelt inn av The Beatles for filmmusikken til A Hard Day's Night. George Harrison syng solovokal og i filmen er framføringa den første gongen ein kan sjå Harrison syngje ein av Beatles-songane. KomposisjonSongen vart skriven spesifikt for at George Harrison skulle syngje han, sidan han mangla sjølvtillit til å skrive eigne songar. Fleire år seinare skildra McCartney songen som ein «formelbasert song»,[2] og Lennon sa «eg ville aldri ha sunge songen sjølv.»[3] Songen har ein hektisk Bo Diddley-aktig rytmegitar over Harrison sin rolege vokal, og dei nyttar ei uventa akkord sentralt i refrenget, ein forstørra H7 på «I'm happy just to dance with you». Songen er òg spesiell fordi han ikkje byrjar med eit vers eller refreng, men med dei siste fire taktane av mellomspelet.[4] InnspelingThe Beatles spelte inn «I'm Happy Just to Dance with You» på ein sundag, den første gongen dei hadde nytta Abbey Road Studios på noko anna enn ein normal vekedag.[3] United Artists gav ut songen på albumet A Hard Day's Night den 26. juni. Han vart òg med på albumet Something New, som kom ut på Capitol Records den 20. juli.[1] Songen nådde 95. plassen på Billboard Top 100-lista den 1. august 1964.[5][6] Gruppa spelte ein versjon av songen på BBC-radioprogrammet From Us to You. Innspelinga fann stad den 17. juli 1964 i BBC Paris Studio i London, og vart først sendt 3. august det året.[7] Medverkande
Andre versjonarThe Cyrkle gav ut ein versjon av songen i 1967 på albumet deira, Neon.[9] Anne Murray spelte ein versjon av «I'm Happy Just to Dance with You» i 1980 på albumet hennar Somebody's Waiting. Denne versjonen vart òg gjeven ut på singel i midten av 1980-åra, og nådde 64. plassen på Billboard Hot 100 og 23. plassen på Billboard country-lista. Randy Bachman og Burton Cummings inkluderte ein versjon av songen i 2007 på albumet deira Jukebox. The Smithereens spelte inn ein versjo i 2008 på albumet deira, B-Sides The Beatles.[10] Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia