I’m Waiting for the Man
«I'm Waiting for the Man» er ein song av det amerikanske rockebandet the Velvet Underground, skriven av Lou Reed. Han vart først gjeven ut på debutplata deira The Velvet Underground & Nico i 1967. Songen handlar om å kjøpe heroin for 26 dollar i ei bustadblokk i Harlem nær krysset mellom Lexington Avenue og 125th Street i New York City, sungen frå synspunktet til kjøparen som tilsynelatande kjem til Harlem frå ein annan stad i byen. «Mannen» i tittelen er ein dophandlar. I lag med tradisjonelle gitarar, bass og trommer, har songen eit pumpande rock and roll- og Boogie-woogie-aktig piano. Det ein av dei meir populære songane til bandet og ein av mange songar dei spelte som handla om narkotika. Etter Lou Reed slutta i bandet i 1970, spelte han ofte songen på konsertane sine. Han vart gjeven ut som singel i oktober 1971 (med «There She Goes Again» som B-sida) tilskriven Andy Warhol's Velvet Underground på MGM Records.[3] I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 159. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4][5] I 2010 vart plasseringa på same lista 161. plassen. Alternative versjonarLudlow Street Loft, juli 1965Songen var ein av dei tidlege songane som vart spelt inn av Lou Reed, John Cale og Sterling Morrison i leilegheita deira i Ludlow Street. Denne versjonen av songen, utan perkusjon, har eit mykje større vise- og bluespreg enn albumversjonen. Denne versjonen vart først gjeven ut i plateboksen Peel Slowly and See. Scepter Studios, april 1966Før den endelege albumeversjonen av songen vart spelt inn i mai 1966, i T.T.G. Studios i Hollywood, vart eit anna opptak gjort i april 1966 i Scepter Studios på Manhattan. Dette opptaket er noko kortare, pianoet er meir i bakgrunnen og i staden for trommer vert det nytt tamburin. Reed syng òg «I'm waiting for the man» i byrjinga av songen, medan han på albumversjonen syng «I'm waiting for my man». Medverkande
Andre versjonarNico og Velvet Underground-medlemmane Lou Reed, John Cale og Maureen Tucker har alle spelt inn sine soloversjonar av songen. Andre artistar som har spelt songen er mellom andre:
Konsertversjonar
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia