I Am...I Said
«I Am... I Said» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart gjeven ut som singel i mars 1971,[1] og gjorde det bra. Han klatra først sakte på listene, men nådde fjerdeplassen i Billboard Hot 100 i mai 1971.[2][3] Han nådde like høgt i Storbritannia.[4] «I Am... I Said» tok Diamond fire månadar og skrive.[3] I teksten er songaren dradd mellom to verdenar:
Versa startar roleg i lågt stemmeregister, halvt talt og halvt sungen, med ein lett gitar og lette strykarar. I refrenget når songen toppen med kraftigare vokal og i høgare toneleie, horn, tyngre trommer og fleire strykarar, medan songeren er enno meir usikker:
«I Am... I Said» vart sidan gjeven ut på Diamond-albumet Stones i november 1971. Singel versjonen startar plata, medan ein reprise av songen kjem sist på plata.[5] Songen har stort sett fått god omtale av musikkpressa og Rolling Stone meinte teksten var glimrande i ei melding frå 1972.[5] Ein omtale av Diamond i The Daily Telegraph i 2008 kalla songen «rasande eksistensiell angst»,[6] og Allmusic kalla han «ein lidenskapleg framstilling av opprørte kjensler... veldig i tråd med den personlege songar/låtsrkivar-rørsla på den tida.»[1] Diamond fekk sin første nominasjon til Grammy Awards for beste mannlege popsong med vokal.[1] «I Am... I Said» finst i konsertversjonar på Hot August Night (frå 1972) og The Greatest Hits: 1966-1992 (frå 1992), i tillegg til fleire samleplater. Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia