Internet Protocol
Internet Protocol (IP) er ein nettprotokoll som tar seg av adressering for einingane i eit (pakkesvitsja) datanett. Kvar eining innanfor same del av eit datanett må ha ei unik IP-adresse. IP, saman med transportprotokollen TCP, utgjer den vanlegaste standarden for datanettkommunikasjon i dag, både i lokale nett (LAN) og i utvida datanett (WAN), slik som t.d. Internett. Private IP-adresserNår ein ynskjer å tildele IP-adresser på lokale nett, er det naudsynt å følgje standard IP-nummertildeling som definert i RFC 1918.[1] Internetnummertildelingsmyndigheitene IANA (Internet Assigned Numbers Authority[2]) har reservert følgjande tre bolkar med IP-adresseområde for bruk i private nett: 10.0.0.0-10.255.255.255 (10/8 prefix) Det særskilte med desse adressene er at dei ikkje lèt seg rute på internett, men berre kan nyttast innan private nett. Det er elles anbefalt at ein nyttar adresseområdet 172.16.0.0 – 172.31.255.255 i samband med adresseomsetjing (NAT), kopling og ruting mellom to private nett, medan dette adresseområdet ikkje bør nyttast til eige internt nett. Dette for å unngå konfliktar mellom interne adresser og eksterne frå andre private nett. Fotnotar |
Portal di Ensiklopedia Dunia