Introducing Eddy and the Falcons
Introducing Eddy and the Falcons er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Wizzard.[4] Det nådde 19. plassen på UK Albums Chart – ti plassar høgare enn føregangaren, Wizzard Brew.[5] Som med det førre Wizzard-albumet var alle songane komponerte av Roy Wood.[4] HistorieAlbumet hadde eit konsept som likna The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. I introen vert ein introdusert for det oppdikta bandet Eddy & The Falcons. Alle songane vart skrivne og spelte inn som hyllestar til rock and roll-musikarar frå 1950-åra og tidleg i 1960-åra. «Eddy’s Rock» er ein gitar- og saksofoninstrumental spelt i stilen til Duane Eddy, medan «Everyday I Wonder» hadde ein liknande stil som Del Shannon sin «Runaway», og «Come Back Karen» gjorde det same for Neil Sedaka sin «Oh! Carol».[4] Ein særskild tydeleg hyllest var til Elvis Presley på «I Dun Lotsa Cryin' Over You».[6] Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «This Is the Story of My Love (Baby)». Han nådde 34. plassen på UK Singles Chart (34. plassen) som var skuffande, sidan alle dei tidlegare Wizzard-singlane hadde gått inn på topp 10.[5] Albumet var opphavleg meint å vere halvparten av eit dobbeltalbum av gruppa, der den andre halvparten var meir progressivt med ein meir jazzrock-aktig stil. Men då plateselskapet høyrde det dei hadde spelt inn så langt, bad dei om å få rock and roll-delen av plata gjeven ut som ein enkelt album. På plateomslaget stod det 'Custard pies - D.L.T.' Dette refererte til ein av framføringane deira på Top of the Pops, då verten Dave Lee Travis hadde blitt råka av ein pai som ein i gruppa kasta på han. Jazzrockdelen av plata vart seinare gjeven ut på albumet Main Street i 2000 - 25 år etter Wizzard var oppløyst. Den originale utgjevinga av Introducing Eddy and the Falcons på Warner Bros. inneheld ein utbrettbar plakat av Roy Wood på scenen. Plata kom ut på CD i 1999 med bonusspor (singlar frå 1974), men vart etter kort tid sletta.[4] InnhaldAll songs skriven av Roy Wood except where noted.
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia