Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One er eit album av det engelske rockebandet The Kinks, spelt inn og gjeve ut i 1970. Det er best kjend for hitsingelen «Lola».
Lola versus Powerman er eit satirisk syn på dei forskjellige aspekta i musikkindustrien, som songutgjevarar («Denmark Street»), fagforeiningar («Get Back in Line»), hitmakarmaskinen («Top of the Pops»), reknskapsførarar og forretningsførarar («The Moneygoround») og turnelivet («This Time Tomorrow»).
Musikalsk er albumet variert, og varierer mellom rolege balladar som «Get Back in Line» og «A Long Way From Home» og hardrocksongar som «Rats» og «Powerman», og «Denmark Street» og «The Moneygoround» som har innslag av engelsk varietémusikk.
Songen «Lola» omhandlar eit møte med ein transvestitt. Davies gjekk bevisst inn for å lage ein hit, etter at bandet i lang stund hadde vore fråverande på både dei amerikanske og britiske hitlistene. For å unngå søksmål, måtte Davies lage ei utgåve av songen der orda «Coca-Cola» vart fjerna.
Suksessen til både singelen og albumet gjorde at bandet kunne forhandle fram ein ny kontrakt med RCA Records, bygge sitt eige London Studio og ta meir kreativ kontroll over bandet. Dei la òg ut på turne i USA etter at dei hadde vore bannlyst frå å halde konsertar der sidan 1965.[4]
Innhald
Alle spor skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde
Bonusspor på Sanctuary Records si lukusutgåve frå 2014 - Plate 1
Nr.
Tittel
Lengd
14.
«Anytime»
3:33
15.
«The Contenders» (instrumental demo)
3:01
16.
«The Good Life»
3:16
17.
«Lola» (alternativ versjon)
5:28
18.
«This Time Tomorrow» (instrumental)
3:19
19.
«Apeman» (alternativ versjon, stereo)
3:42
20.
«Got to Be Free» (alternativ versjon)
2:03
Luksusutgåva frå 2014 inneheld det neste Kinks-albumet Percy som den andre plata, òg med bonusspor. Den doble utgåva heiter Lola versus Powerman and The Moneygoround and Percy.