M/S Seabed Constructor

M/S Seabed Constructor er eit offshore- og forskingsfartøy (engelsk: "multi-purpose offshore construction vessel"). Ho vart bygd i tida 2013-2014 av Kleven Verft i Noreg for Stig Remøy sitt rederi Olympic Shipping under namnet M/S Olympic Athene.

Seabed Constructor vart oppkjøpt av Swire Pacific Offshore i 2016.[1] Skipet er først og fremst esla til å jobbe for Swire Seabed, eit norsk rederi som inngår i Swire-gruppa, for arbeid på djupet og på havbotnen.


Utrusting

Seabed Constructor har ei kran som kan lyfta 250 tonn og har ei arbeidsflate på dekk på 1300 kvadratmeter. Ho har en hangar for undervassfartøy (ROV) og verkstad for reparasjon av desse samt ei helikopterplattform for eit helikopter på opptil 15 tonn, til dømes Sikorsky S-92.[2]

Oppdrag 2018

Seabed Constructor har kontrakt på seks år med det Texasbaserte føretaket Ocean Infinity, som i byrjinga av 2018 leitte etter bitar av det malaysiske passasjerflyet som styrta i havet utanfor Indokina i mars 2014 (Malaysia Airlines Flight 370).[3] Leitinga var resultatlaus, og kontrakta med malaysiske styresmakter slutta den 9. juni 2018.

Seinare vart båten send til Argentinakysten for å leite etter den Argentinske ubåten ARA «San Juan» som var meldt sakna 15. November 2017, og den 16. november 2018 vart ubåten funnen. Seabed Constructor hadde med seg fem undervannsrobotar av typen Hugin AUV frå Kongsberg Maritime i Horten som dei brukte til å søkje gjennom havbotnen med. Ubåten låg utanfor Valdes-halvøya på 800 meters djupn.[4]


Kjelder

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya