Memory Almost Full nådde Topp 5 i både Storbritannia, USA, Danmark, Sverige, Hellas og Noreg. Albumet vart nominert til Grammyprisen og har seld over to millionar eksemplar verda over[13] og har fått gullplate i USA.[14] Albumet vart gjeve ut i tre forskjellige versjonar: ei enkel plate, ei dobbelplate og ei luksusutgåve med CD og DVD.
Bakgrunn
Ni demoar vart spelte inn i The Mill i september 2003 av McCartney og turnébandet hans.[15] Ein månad seinare, i oktober,[16] byrja innspelinga for Memory Almost Full og vart produsert av David Kahne i Abbey Road Studios.[15] McCartney og bandet spelte inn songane «You Tell Me», «Only Mama Knows», «Vintage Clothes», «That Was Me», «Feet in the Clouds», «House of Wax», «The End of the End» og «Whole Life».[17] Men innspelinga vart avslutta og sett på vent, medan McCartney byrja på eit nytt album, Chaos and Creation in the Backyard, med produsenten Nigel Godrich.[15]
Albumtittelen Memory Almost Full, er eit anagram for «for my soulmate LLM» («for sjelevenen min LLM», initialane til Linda Louise McCartney).[13] Då han vart spurt om det var meininga svarte McCartney: «Det er best om somme ting held fram å vere eit mysterium».[18] I eit seinare intervju med Pitchfork Media sa McCartney vidare, «Eg må sei, nokon sa til meg at det er eit anagram, og eg syns det eit mysterium, fordi det er så komplett. Det verkar å vere eit anagram i tittelen. Og det er eit mysterium. Det var ikkje gjort med vilje.»[19]
Utgjeving
Albumet var det første han gav ut på Starbucks-selskapet Hear Music etter å ha vore 45 år på Capitol/EMI.[16] McCartney var den første artisten på Hear Music.[20] Den første amerikanske singelen, «Ever Present Past», vart først spelt på radio den 20. april.[21] Det vart laga ein musikkvideo for «Dance Tonight» som vart lagt ut på YouTube den 23. mai.[22] Albumet kom ut 4. juni 2007 i Storbritannia og dagen etter i USA.
Singelen «Dance Tonight» kom ut på 65-årsdagen til McCartney, den 18. juni, som ein digital singel. Ei fysisk utgåve på CD kom ein månad seinare, 23. juli.[22] I musikkvideoen spelar Natalie Portman og Mackenzie Crook, og han vart regissert av Michel Gondry.[23] Den tredje singelen, «Nod Your Head» vart gjeven ut digitalt den 28. august via iTunes Store.[24]
Albumet vart rangert på 22. plassen på lista til Rolling Stone over dei 50 beste albuma i 2007.[25]
I USA nådde albumet tredjeplassen på Billboard 200 med 161 000 selde eksemplar de første veka, den høgaste plasseringa til McCartney der sidan Flaming Pie i 1997.[26] 47 % av albumsala frå opningsveka kom frå Starbucks-butikkar.[20] Det vart annonsert av album selde i Starbucks-butikkar i Storbritannia ikkje ville bli talt av Official UK Charts, fordi dei ikkje var registrert i teljesystemet, men Memory Almost Full klarte likevel å nå femteplassen på UK Album Charts.[27] Albumet nådde òg toppen av Billboard Internet Sales-lista,[28] og tredjeplassen på Billboard Top Internet Albums Downloads.[29]
Paul McCartney spelte alle instrumenta utanom på «Only Mama Knows», «You Tell Me», «Vintage Clothes», «That Was Me», «Feet in the Clouds» og «House of Wax», der han fekk med seg følgjande musikarar (alle frå turnébandet hans):
↑ 20,020,1Fellner, Kim (2008). Wrestling with Starbucks: Conscience, Capital, Cappuccino. New Brunswick, NJ: Rutgers University Press. s. 32. ISBN9780813545066.
↑Christgau, Robert; Fricke, David; Hoard, Christian; Sheffield, Rob (17. desember 2007), «The Top 50 Albums of 2007», Rolling Stone, arkivert frå originalen 20. desember 2007, henta 26. mai 2018