Modelljarnbane![]() Ein modelljarnbane er ein modellbygd miniatyrutgåve av ein jarnbane. Eit fastmontert modell vert kalla modelljarnbaneanlegg, eller berre MJ-anlegg. Nokre modellbyggjarar byggjer sine anlegg etter førebilete på verklege jarnbaner og prøver å få modellen så lik som mogeleg. Andre byggjer etter fri fantasi. Mange modelljarnbaneenuiastar samlar seg i klubbar der medlemmane byggjer og driftar eit felles anlegg. Trondhjem Modelljernbaneklubb som vart starta i 1955 er Noregs eldste aktive modelljarnbaneklubb. Skalaer![]() ![]() Modelljernbaner kan byggjast i ei rekke forskjellige skalaer, der den største er nesten ti gongar så stor som den minste. Den mest vanlege skalaen er H0 (utt. Hå null) som har eit størrelsesforhold på 1:87.
Ein har andre skalaer og, men desse er dei mest kjende. I tillegg til desse finn ein blant anna ei rekkje større skalaer slik som til dømes 1:8 og 1:11. Desse er så store at folk kan sitte oppå toga medan ein køyrer. Slike tog er sjølvsagt plasskrevjande og dyre, spesielt om ein ikkje vil byggje dei sjølv. Ein jernbane i ei slik skala er difor helst for dei med stor lommebok og enda større hage. Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia