Mount Howe
Mount Howe er eit langstrekt fjell i Antarktis, 2930 meter over havet, med låge ryggar på sidene og gavl-forma nunatakar. Det ligg på austsida av Scottbreen, nær toppen, like ovanfor Mount McIntyre. Dette fjellet, og ein liten sørleg uteliggar, er tilsynelatande det sørlegaste fjellet i verda. Det vart oppdaga i desember 1934 av eit geologisk lag under Byrd-ekspedisjonen leia av Quin Blackburn, og vart namngjeven av admiral Byrd etter Louis McHenry Howe, sekretær til presidenten av USA på den tida, Franklin D. Roosevelt.[1] Det sørlegaste kjende naturlege livsforma finst her på Mount Howe — ein koloni med bakteriar og gjær. Alle bakteriar og anna liv på isen vidare sørover til polen verkar å vere liv som er ført dit med vind og vêr. Mount Howe er det området nærast Sørpolen med blåis (eit område utan snø der ein kan lande fly med hjul i staden for meier). Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia