New Masters er det andre studioalbum til songar-låtskrivaren Cat Stevens, gjeve ut i desember 1967 på Deram Records som ein oppfølgjar til det særs suksessrike debutalbumet, Matthew and Son.
Oversikt
Plateselskapet var skuffa over det dårlege salet av det andre albumet til Cat Stevens, sidan det førre albumet nådde topp ti i Storbritannia og produserte fleire hitsinglar. New Masters genererte lita interesse, og nådde verken hitlistene i Storbritannia eller USA. Singelen «Kitty»/«Blackness of the Night» vart liggjande på 47. plass, og vart den første singelen til Stevens som ikkje nådde topp 40. Dette var ein brå og bratt kommersiell nedgang frå den store suksessen Stevens hadde hatt med dei tidlegare innspelingane sine.[2]