No Particular Place to Go
«No Particular Place to Go» er ein song av Chuck Berry, utgjeven på singel av Chess Records i mai 1964[1] og sidan på albumet St. Louis to Liverpool i november 1964.[3] «No Particular Place to Go» vart spelt inn 25. mars 1964 i Chicago i Illinois[2] og består av den same musikken som Berry brukte på ein tidlegare hit, «School Days».[1] TekstenSongen er ei komisk soge på fire vers. I første verset køyrer forteljaren i bilen med kjærasten og dei kyssar. I det andre byrjar dei å kose og køyre langsamt. I det tredje parkerer dei for å ta seg ein tur til fots, men får ikkje laus setebeltet. I det siste verset køyrer dei heim, slått av det fastspente beltet. InnspelingInnspelinga av «No Particular Place to Go» vart produsert av Leonard og Phil Chess og med seg på akkompagnement hadde Berry pianisten Paul Williams, trommeslagaren Odie Payne og ein uidentifisert bassist.[2] Salslister
Andre versjonar
Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia