O.C. Gundersen
Oscar Christian Gundersen (17. mars 1908–21. februar 1991), fødd i Oslo, best kjend som O.C. Gundersen, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet, justisminister, handelsminister, høgsterettsdommar og ambassadør i Moskva. KarriereGundersen blei cand.jur. i 1931. Han blei høgsterettsadvokat i 1939. Før han kom med i rikspolitikken, var han aktiv i student- og lokalpolitikken i Trondheim. Mellom 1936 og 1938 sat han i formannskapet. I 1939 blei han rådmann i Trondheim, men blei avsett av tyskarane i 1941. Frå 1942 til 1945 var Gundersen direktør ved Statens trygdekontor i London. Etter frigjeringa i 1945 gjekk Gundersen tilbake til jobben som rådmann. Gundersen blei utnemnd til statsråd som justisminister i Einar Gerhardsen si andre regjering i 1945. Han heldt fram som justisminister i Oscar Torp si regjering i 1951, til han gjekk av i 1952. Som justisminister fekk han eit særleg ansvar for gjennomføringa av landssvikoppgjeret etter den andre verdskrigen. Etter ti års fråvære frå politikken kom han i 1962 tilbake som handels- og skipsfartsminister i Einar Gerhardsen si tredje regjering, eit verv han hadde fram til John Lyng si regjering overtok i fire veker i august-september 1963. Då Einar Gerhardsen si fjerde regjering overtok deretter blei Gundersen igjen justisminister. Han gjekk av då den borgarlege koalisjonsregjeringa Borten blei danna etter stortingsvalet 1965. I perioden 1953–1957 og 1967–1977 var han Høgsterettsdommar i Noregs Høgsterett. I tida mellom 1958 og 1961 var han Noreg sin ambassadør i Moskva. O.C. Gundersen skal vere brukt som modell for sakfører Jespersen i romanen Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle. Bakgrunnsstoff
|
Portal di Ensiklopedia Dunia