Out of Order av Rod Stewart
Out of Order er det 15. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut i 1988. Det inneheld hitsinglane «Lost In You», «Forever Young», «My Heart Can't Tell You No» og «Crazy About Her». Albumet vart produsert av Stewart og medlemmar av The Power Station: gitaristen Andy Taylor (òg medlem av Duran Duran), og bassisten Bernard Edwards (tidlegare i Chic). Chic-trommeslagaren Tony Thompson spelar òg på plata.[4] MottakingAlbumet vart teke positivt i mot av mange kritikarar etter ei rekkje heller svake album. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kalla det «godt konstruert» og Rolling Stone kalla det eit «sjølvsikkert, velskrive og energisk verk». Albumet nådde 20. plassen på Billboard 200, og selde etter kvart til dobbel platinaplate, som gjorde dette til det bestseljande Stewart-albumet i 1980-åra. Kvar singel frå albumet nådde Topp 20 på anten Mainstream Rock Tracks-lista, Hot Adult Contemporary Tracks-lista eller Billboard Hot 100. Det vart filma og produsert musikkvideoar for kvar av dei. Den mest suksessrike singelen var «My Heart Can't Tell You No», som nådde topp fem på både Hot Adult Contemporary Tracks og Billboard Hot 100.[5] NBC Sports brukte mykje «Forever Young» under idrettsreportasjar i 1988 og 1989. Strukturen i teksten til denne songen minna mykje om Bob Dylan-songen med same tittel. Då dette vart oppdaga vart songen sendt til Dylan for å høyre om han hadde noko problem med dette. Stewart og Dylan vart samde om å dele låtskrivinga for songen og dele honorara Stewart fekk for songen. Albumet har seld meir enn ni millionar eksemplar verda over. Innhald
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia