Paint Box
«Paint Box» (eller «Paintbox» på seinare utgjevingar) er ein song av det britiske rockebandet Pink Floyd, skriven og sungen av klaverspelaren Richard Wright.[3][4] Han vart først gjeven ut i 1967 som B-side til singelen «Apples and Oranges». Tekst og musikkMusikalsk har songen lange trommefills av Nick Mason og ein pianosolo av Wright, som panorerer kring stereospekteret. Wrigt spelar òg eit spikerpiano i tillegg til eit vanleg akustisk piano. Songteksten byrjar med «Last night I had too much to drink / Sitting in a club with so many fools», og eit ambivalent refreng: «I open the door to an empty room / Then I forget». Songen er ein av dei første av mange Pink Floyd-songar med mykje e-moll noneakkord.[5] Denne akkorden vart eit signaturaspekt ved nokre av dei meir kjende songane deira: Han opnar The Dark Side of the Moon med «Breathe».[6] Han er dominerande i «Welcome to the Machine» frå Wish You Were Here, der han vekslar mellom ein C-dur septimakkord i det meste av songen.[7] «Dogs» frå Animals er sentrert kring akkorden spelt på ein nedstemt gitar, som fører til ein kammertone i D-moll9.[8][9] Han dukkar igjen opp i «Hey You» og «Vera» frå The Wall.[10] Han er i ikkje mindre enn fire songar på The Final Cut: «Your Possible Pasts»; «The Hero's Return»; «The Gunner's Dream» og «The Fletcher Memorial Home».[11] Utgjeving«Paint Box» var opphavleg gjeven ut i mono på singelen. Ein steroemiks vart seinare gjeven ut på samleplatene Masters of Rock og Relics som «Paintbox», som òg var stavinga då monomiksen kom ut på tredje plata av 40-årsjubileumsutgåva av The Piper at the Gates of Dawn. «Paintbox» vart igjen gjeven ut på Cambridge St/ation- og Cre/ation-platene i plateboksen Early Years i 2016-2017. VideoDet vart filma ein musikkvideo for songen for belgisk fjernsyn den 18. eller 19. februar 1968, der bandet mimar til songen på ei bru i Brussel. Sjølv om Syd Barrett framleis var eit medlem av bandet då songen vart spelt inn (oktober 1967) og då videoen vart filma, er David Gilmour med i videoen på gitar for første gongen med Pink Floyd.[12][13] Ein kan sjå Atomium-monumentet i bakgrunnen medan bandet spelar. Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia