Pascal (teikn Pa) er SI-eininga for trykk og mekanisk spenning. Det svarar til ein newton pr. kvadratmeter. Eininga er namngitt etter Blaise Pascal, ein framståande fransk matematikar, fysikar og filosof.
- 1 Pa
- = 1 N/m² = 1 (kg·m/s²)/m² = 1 kg/m·s²
- = 0,01 millibar
- = 0,00001 bar
I meteorologi har millibar vore bruka for lufttrykk. Ved introduksjonen av SI-eininga føretrekte mange meteorologar å halde på den same storleiksordenen som dei var vane med. Dermed er det vanleg å nytte forstavinga hekto i staden for kilo.
- 1 hectopascal (hPa)
- = 100 Pa = 1 mbar
- 1 kilopascal (kPa)
- = 1000 Pa = 10 hPa
I det tidlegare sovjetiske mts-systemet er eininga pieze, som svarar til ein kilopascal.
Standard atmosfæretrykk er 101 325 Pa = 101,325 kPa = 1013,25 hPa = 1013,25 mbar.
Den same eininga blir nytta til å måle stress, Youngs modul og tensil styrke.
Døme på verdiar (omtrentlege)
(Sjå SI-forstavingar for hjelp om einingane.)
0,5 Pa
|
Atmosfærisk trykk på Pluto (omtrentleg tal frå 1988)
|
1 kPa
|
Atmosfærisk trykk på Mars
|
10 kPa
|
Trykket skapt av 1 m djupt vatn, eller droppet i lufttrykk når ein går frå havnivå og opp til 1000 meters høgde¹
|
101 325 Pa
|
Atmosfærisk trykk ved havnivå¹
|
10 MPa
|
Høgtrykkspylarar sender ut vatn med dette trykket
|
100 MPa
|
Trykket på botnen av Marianergropa, omtrent 10 km under havoverflata¹
|
10 GPa
|
Diamant dannast
|
100 GPa
|
Teoretisk strekkfastleik på karbonnanorør (CNTar)
|
¹på Jordas overflate
Trykkeiningar
|
Pascal (Pa)
|
Bar (bar)
|
Teknisk atmosfære (at)
|
Atmosfære (atm)
|
Torr (mmHg)
|
Trykk i pund per kvadrattomme (psi)
|
1 Pa
|
≡ 1 N/m²
|
10−5
|
10,197×10−6
|
9,8692×10−6
|
7,5006×10−3
|
145,04×10−6
|
1 bar
|
100 000
|
≡ 106 dyn/cm²
|
1,0197
|
0,98692
|
750,06
|
14,504
|
1 at
|
98 066,5
|
0,980665
|
≡ 1 kgp/cm²
|
0,96784
|
735,56
|
14,223
|
1 atm
|
101 325
|
1.01325
|
1.0332
|
≡ 1 atm
|
760
|
14.696
|
1 torr
|
133.322
|
1.3332×10−3
|
1.3595×10−3
|
1.3158×10−3
|
≡ 1 mmHg
|
19.337×10−3
|
1 psi
|
6 894.76
|
68.948×10−3
|
70.307×10−3
|
68.046×10−3
|
51.715
|
≡ 1 lbf/in²
|
Døme: 1 Pa = 1 N/m² = 10−5 bar = 10,197×10−6 ved = 9,8692×10−6 atm osv.
Merk: mmHg er ei forkorting for millimeter kvikksølv, og kalla torr.