Perl
Perl (Practical Extraction and Report Language) er eit programmeringsspråk som vart lansert av Larry Wall 18. desember 1987. Språket låner mykje av funksjonaliteten frå for eksempel C, sed, awk, sh og (i mindre grad) frå mange andre programmeringsspråk. Versjonen, 5.8.6, som vart lansert 27. november 2004, har mellom anna støtte for Unicode. FilosofiPerl vart laga for å vera eit praktisk språk for å hente ut informasjon frå tekstfiler, og for å nyttegjera seg av denne informasjonen. Eit av mottoa er «There's more than one way to do it» (TMTOWTDI – vert uttala «Tim Toady»), som direkte omsett til norsk tyder «det er meir enn éin måte å gjera det på». Eit av måla med språket var å gjera enkle oppgåver enkle å løyse, og vanskelege oppgåver moglege å løyse. Perl har direkte støtte for regulære uttrykk i syntaksen, og språket er ofte sett på som det typiske skriptspråket, og har vorte kalla «limet som held webben saman» på grunn av populariteten språket har blant «CGI-språk». Innebygde datatyparPerl har tre innebygde datatypar:
Skalarar, lister og hashar kan tilordnast namngjevne variablar. Det fyrste teiknet i variabelnamnet oppgjev kva datatype det er snakk om. Resten identifiserer verdien som variabelen har. Skalarar startar alltid med «$», sjølv om den refererande variabelen høyrer til ei liste eller ein hash: $maanader[11] # det 12. elementet i lista @maanader $adresse{'Per'} # elementet med nykelen 'Per' i hashen %adresse Lister vert namngjevne med «@» som det fyrste teiknet, som fortel at meir enn éin verdi vil verte returnert: @maanader # ( $maanader[0], $maanader[1], ..., $maanader[n] ) @maanader[2,3,4] # same som ( $maanader[2], $maanader[3], $maanader[4] ) @adresse{'Per','Ola'} # same som ( $adresse{'Per'}, $adresse{'Ola'} ) Assosiative lister, hashar, startar med «%» (som i %adresse ovanfor). EksempelHallo Wikipedia!#!/usr/bin/perl -w print "Hallo Wikipedia!\n"; Lykkjerwhile ( uttrykk ) { ... } do { ... } while ( uttrykk ); do { ... } until ( uttrykk ); for ( initialisering ; termineringsbetingelse ; økningsgrad ) { ... } foreach ( liste ) { ... } for ( liste ) { ... } Valif ( uttrykk ) { ... } unless ( uttrykk ) { ... } if ( uttrykk ) { ... } else { ... } if ( uttrykk ) { ... } elsif ( uttrykk ) { ... } else { ... } Subrutinarsubrutinar vert spesifiserte med nykelordet Om nokon av elementa i Subrutinar returner vanlegvis resultatet av det siste uttrykket, men ein eksplisitt Eksempel: sub kube { my $x = shift; return $x ** 3; } $z = -4; $y = kube($z); print "$y\n"; Namngjevne argument kan simulerast ved å gje subrutina ein hash som innargument: sub hallo { my %person = @_; return "Hallo, $person{fornamn} $person{etternamn}!\n"; } print hallo ( fornamn => 'Ola', etternamn => 'Nordmann', ); Perl og databasarForskjellige DBI/DBD-modular kan nyttast for å få tilgang til dei fleste ANSI SQL-databasar, som f.eks. MySQL, PostgreSQL og Oracle. Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia