Power Windows
Power Windows er det 11. studioalbumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Albumet vart utgjeve i 1985 på Mercury Records. Power Windows var nok eit døme på at Rush trekte meir synthesizerar inn i musikken. Tekstene på albumet Power Windows er for det meste fokusert på politiske og urbane tema. Til dømes songen «Manhattan Project», som er inspirert av «Manhattanprosjektet» – utviklinga av den første atombomba. Songen «Middletown Dreams» vender tilbake til der Signals avslutta, med eit tema som omhandlar flukta frå forstadane. Songen «Territories» omhandlar seksjonalismen rundt om i verda. Som ein heilskap representerer Power Window toppen av synthesizerperioden til Rush, sjølv om deira neste album Hold Your Fire inneheld omtrent like mange synthesizerar. InnhaldAll tekst skriven av Neil Peart; all musikk komponert av Alex Lifeson og Geddy Lee
MedverkandeRushAndre medverkande
ListerAlbum
Salstrofé
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia