Programleiarar for Eurovision Song Contest gjev oversyn over programleiarar for Eurovision Song Contest. 90 personar har til saman vore programleiar for dei 60. finalane. Katie Boyle har leia finalen totalt fire gonger aleine, Jacqueline Joubert og Petra Mede to aleine og dei resterande éin gong; anten aleine eller saman med éin eller to andre. Alle programleiarane har òg leia semifinalen eller semifinalane, med unntak av Alsou og Ivan Urgant. 29 personar har leia finalen aleine, 43 saman med éin annan og 18 har måtte dele scena med to andre. Natalia Vodianova og Andrey Malahov leia dei to semifinalane i 2009, men ikkje finalen, og er dimed dei einaste som har vore programleiar uten å leie ein finale. Tolv personar har vore green room-programleiar.
I 1985 designa Christer Lindarw ein kjole til Lill Lindfors, som ho tok på seg før ho skulle inn på scena etter framføringene av alle bidraga.[1] Eit fåtal personar som jobba med tevlinga hadde planlagd eit kupp.[2] Ho hadde festa underdelen på kjolen til overdelen, og teke på seg eit skjørt med ein snor i.[2] Då ho gjekk inn på scena fall skjørtet av, og ho stod att i trusa.[2]
Haddy N'ije vart den fyrste mørkhuda programleiaren då ho leia tevlinga i 2010.[3]
Som green room-programleiar i 2013 sa Eric Saade «back to you, Petra #milf», noko som vekte reaksjonar.[4]
Om ein ser bort frå tevlingane med berre éin kvinneleg programleiar var tevlinga i 2015 den fyrste som berre har vore leia av kvinner.[5]
Galleri
Željko Joksimović og Jovana Janković, programleiarar for Eurovision Song Contest i 2008.
Leyla Əliyeva, Eldar Qasımov og Nərgiz Birk-Petersen, programleiarar for Eurovision Song Contest i 2012.
Nikolaj Koppel, Lise Rønne og Pilou Asbæk, programleiarar for Eurovision Song Contest i 2014.