Return to Sender
«Return to Sender» er ein song frå 1962 av den amerikanske songaren Elvis Presley. Songen vart skriven av Winfield Scott og Otis Blackwell.[2] Songen vart spelt inn 27. mars 1962 i Radio Recorders i Hollywood og handlar om ein mann som postar brev til kjærasten sin etter ein krangel. Ho skriv «return to sender» (returner til avsendar) på dei og han held fram å skrive brev og nekta å innsjå at forholdet er over. Presley spelte «Return to Sender» i filmen Girls! Girls! Girls!.[2] Med på innspelinga var Barney Kessel på elektrisk gitar, Tiny Timbrell på akustisk gitar, Ray Siegal på kontrabass, D.J. Fontana på trommer, Dudley Brooks på piano, Boots Randolph på barytonsaksofon, og Jordanaires på korvokal, i lag med forskjellige studiomusikarar, som trommeslagaren Hal Blaine. Songen opnar med ein saksofon. Ein annan saksofonist, Bobby Keys, hevda han spelte soloen på songen i memoara sine Every Night's A Saturday Night. Men Hardin skal ikkje ha møtt Presley før februar 1970, då han vart med i turnébandet hans. I tillegg vert denne påstanden avkrefta av RCA, Ernst Jorgensen (den offisielle arkivatoren for innspelingane til Presley), og studiologgane.[3] ListerSongen gjekk til topps på UK Singles Chart,[4] og nådde andreplassen på den amerikanske Billboard-lista. Songen gjekk derimot til topps på dei rivaliserande listene til Cash Box og Music Vendor. «Return to Sender» nådde òg femteplassen på R&B-lista.[5] Det var den første songen som toppa singellista under jula i Irland, sidan den irske singellista først vart starta opp i oktober 1962. Singelen selde til platinaplate hos RIAA for over 1 million selde eksemplar i USA. Songen låg heile 11 veker på toppen av VG-lista i Noreg.[6] SvarsongGerri Granger spelte inn svarsongen «Don't Want Your Letters». Denne songen vart arrangert og dirigert av Bert Keyes. Han vart gjeven ut på singel på Big Top 45-3128.[7] Andre versjonar
Andre språkEin fransk versjon vart omsett av og framført av Henri Salvador som «Retour au porteur» i 1963. Denne versjonen vart òg spelt inn av Betty & The Bops i 2000 og Frank Michael i 2003. Ein tysk versjon vart omsett av Camillo Felgen og kalla «Zurück an Johnny». Denne vart framført av Ted Herold i 1963. Ein annan tysk versjon vart omsett av Volker Rosin og framført som «Bye bye ihr Kinder» av Volker Rosin und die Lolly Pops i 1995. Det er blitt omsett to nederlandske versjonar. Den første vart omsett av Nelly Byl og kalla «Verkeerd verbonden». Denne vart framført av Will Tura i 1984. Den ande versjonen vart omsett av John Spencer og Rob Peters og framleis kalla «Return to Sender». Denne vart framført av John Spencer i 1985. Ein dansk versjon av songen vart omsett av Nils P. Jørgensen og kalla «En tur i center». Denne vart framført av Bamses Venner i 1984. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
Portal di Ensiklopedia Dunia