Roger Strøm

Roger Strøm


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juli 1966 (58 år)
Sandefjord
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998

Roger Strøm (fødd 28. juli 1966) er ein tidlegare skeiseløpar frå Sandefjord som utmerkte seg på sprintdistansane. Han vart andremann i sprint-VM 1997.

Aktiv

Strøm deltok internasjonalt frå 1989 til 1999 og var i denne perioden jamnt over Noregs beste i sprinttevlingane. Under Vinter-OL 1994 på Hamar vart han nummer 7 på 1000 meter, etter han fall på 500 m. I 1996 kom han på tredjeplass på 500 meter ved VM i enkeltdistansar, året etter vart han andremann på same distansen i VM enkeltdistansar. Under verdsmeisterskapen i sprint 1997 på Hamar kom han på andreplass samanlagt, drygt 0,2 tidspoeng bakom verdsmeister Sergej Klevtsjenja.

Strøm vann 15 gullmedaljar i norske meisterskap. Åra 1990-98 vart han norsk sprintmeister sju gongar, i tillegg tok han seks gongar gullmedaljen på 500 meter og to gongar på 1000 meter. Han forbetra den norske rekorden på 500 meter ved tre høve og på 1000 m ved to høve.

Strøms livsbeste noteringar på 500 meter og 1000 meter lyder på høvesvis 35,98 sekund og 1.08,41, begge oppnådd i Calgary og i sesongane 1998 og 1999.

Kjelder

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya