Skeise-VM 2019 i firkampVerdsmeisterskapen på skeiser 2019 i firkamp vart avvikla i Calgary i Canada dagane frå 9. til 11. mars. 24 menn og like mange kvinner frå 18 ulike land deltok i meisterskapen. Tsjekkiske Martina Sáblíková vart verdsmeister for femte gong. Ho sette verdsrekord på 3 000 meter med tida 3.53,3 og på 5 000 m med 6.42,0. Miho Takagi frå Japan sigra på 500 m og 1500 m og vart nummer 2 samanlagt. Nederlendaren Patrick Roest forsvarte meistertittelen og sette verdsrekord i firkamp. Han sigra også på 5 000 meter og på mila. Antoine Gélinas-Beaulieu frå Canada fekk bestetid på 500 meter og norske Sverre Lunde Pedersen på 1500 meter. Dei norske deltakarane vart nummer 2 Sverre Lunde Pedersen, 6 Sindre Henriksen, 10 Ida Njåtun, 11 Håvard Bøkko og 21 Ragne Wiklund. Skeise-VM 2019Menn
Dato: 2.–3. mars 500 meter
5 000 meter
1500 meter
10 000 meter
Kvinner
Dato: 2.–3. mars 500 meter
3 000 meter
1500 meter
5 000 meter
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia