Spoken word![]() Spoken word er ei poesiform som legg vekt på munnleg framføring. Ho blei utvikla på 1900-talet med basis i eldre munnleg kunstnarisk tradisjon, med fokus på estetikken av resitasjon og ordspel, som intonasjonen og stemmbruken til utøvaren. Spoken word er ein vid sajnger som kan omfatta alle typar poesi som blir framført, som høgtlesingar, poetry slam, jazzpoesi og hiphopmusikk, og kan inkludera komedie og prosa-monologar.[1] I motsetnad til skriftleg poesi tek dei poetiske tekstane mindre frå den visuelle estetikken, og er meir avhengig av fonestetikk, eller estetikken av lyd. HistorieMunnleg framført poesi har eksistert i lang tid, lenge før han blei skriftfesta.[2] Gjennom ein syklus av framføring, lytting og festing til minnet nytta kvart språk sine lydstruktur-ressursar til å laga lydmønster som gjorde talt poesi svært forskjellig frå vanleg tale, og lettare å leggja seg på minnet.[3] I det gamle Hellas var det talte ordet rekna som den mest pålitelege måten å bevara dei beste av tankane deira, og det blei fanst menn (som rhapsodane) som hadde som oppgåvea å utvikle eigenskapar som gjorde at dei kunne hugsa og framføra desse kulturskattene.[4] Dei gamle grekarane inkluderte lyrikk som ei tevling i dei olympiske leikane.[5] Utvikling i USA![]() I 1849 skreiv Home Journal om konsertar som kombinerte talte ord med musikk, med skodespelarane Sophie Schroder og Fanny Kemble som døme.[6] Vachel Lindsay bidrog til å halda fram med poesi som ei tala kunstform på byrjinga av 1900-talet.[7] Komponistar som Marion Bauer, Ruth Crawford Seegar og Lalla Ryckoff komponerte musikk som kunne kombinerast med tale.[6] Diktaren Robert Frost var også ein dyktig talar, og metrikken i verka hans høyrdest ut som naturlege setningar.[8] Ein del amerikansk spoken word-poesi oppstod frå poesien til Harlem Renaissance-rørsla,[9] blues og beat-generasjonen på 1960-talet.[10] Innan afrikansk-amerikansk kultur bygger spoken word på ei rik litterær og musikalsk arv. Langston Hughes og diktarar innan Harlem Renaissance blei inspirerte av kjenslene innan blues og spirituals, medan hip-hop og slam-poesi-artistar fann inspirasjon hjå diktarar som Hughes.[11] Borgarrettsrørsla og slaverimotstand har òg påverka spoken word. Kjende talar som Martin Luther King Jr. sin I Have a Dream, Sojourner Truth sin Ain't I a Woman?, og Booker T. Washington sin Cast Down Your Buckets hadde orasjonselement som påverka den afrikansk-amerikanske spoken word-tradisjonen.[11] The Last Poets var ei poetisk og politisk musikkgruppe som blei skipa på 1960-talet med røter i borgarrettsrørsla, og som bidrog til å auka populariteten til spoken word innan afroamerikansk kultur.[12] Poesiforma kom inn i den breire amerikanske kulturen etter at Gil Scott-Heron gav ut spoken word-diktet The Revolution Will Not Be Televised på albumet Small Talk at 125th and Lenox i 1970.[13] Nuyorican Poets Café ved Lower East Side i New York blei grunnlagd i 1973, og er ein av dei eldste amerikanske møtestadane der ein kan presentere spoken word-poesi.[14] På 1980-talet byrja ein halda tevlingar i spoken word, ofte med eliminasjonsrunder, som blei kalla poetry slams. Marc Smith er rekna for å ha starta poetry slam i november 1984.[5] I 1990 blei den fyrste National Poetry Slam halden i Fort Mason i San Francisco.[15] Poetry slam-rørsla fekk eit breiare publikum etter Russell Simmons sin fjernsynsserie Def Poetry, som blei send på HBO mellom 2002 og 2007. Diktarar tilknytt Buffalo Readings var aktive tidleg på 2000-talet. Internasjonal utvikling![]() ![]() Utanfor USA har kunstnarar som dei franske songar-låtskrivarane Léo Ferré og Serge Gainsbourg nytta spoken word i lag med rock eller symfonisk musikk frå byrjinga av 1970-talet på album som Amour Anarchie (1970), Histoire de Melody Nelson (1971) og Il n'y a plus rien (1973), og bidrog til å popularisera poesiforma i fransk kultur. I Storbritannia har musikarar som har nytta spoken word inkludert Blur, The Streets og Kae Tempest.[16] I 2003 nådde rørsla ein topp i Frankrike med Fabien Marsaud, kjend som Grand Corps Malade, som var ein føregangar innan sjangeren.[17][18] I Zimbabwe har spoken word-rørsla vore mest aktiv på scenen ved House of Hunger Poetry Slam i Harare, Mlomo Wakho Poetry slam i Bulawayo og Charles Austin Theatre i Masvingo. Festivaler som Harare International Festival of the Arts, Intwa Arts Festival KoBulawayo og Shoko Festival har støtta opp om sjangeren i fleire år.[19] På Trinidad og Tobago er denne kunstforma blitt nytta i stor grad som ei form for sosial kommentar, og blir framført over heile landet på alle tider av året. Dei viktigaste diktarrangementa på Trinidad og Tobago blir oversett av ei organisasjon som heiter 2 Cent Movement. I Ghana held poesigruppa Ehalakasa, leia av Kojo Yibor Kojo eller Sir Black, kvar månad ein TalkParty-event (eit samarbeid med Nubuke Foundation og National Theatre of Ghana) og særskilde tilstellingar som Ehalakosa Slam Festival og nyttårshendingar. Sjå ògKjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia