Suzi ... and Other Four Letter Words, gjeve ut i 1979, er det sjette studioalbumet til den amerikanske musikaren og bassisten Suzi Quatro. Albumet nådde fjerdeplassen på VG-lista i Noreg, og vart den høgaste plasseringa hennar her. Det var òg det nest mest populære albumet hennar i USA, men her nådde det berre 117. plassen.
[2]:1–3[3]
Albumet inneheld tre singlar, som alle gjekk inn på listene. «She's in Love with You» gjekk til topps i Sør-Afrika, og låg på toppen der i sju veker, og nådde elles topp 20 i Storbritannia, Austerrike, Nederland, Noreg og Sveits. «Mama's Boy» gjekk inn på lista i både Storbritannia og i Nederland og «I've Never Been in Love» gjekk inn på lista i USA og Storbritannia.
Bakgrunn
Albumet kom ut etter at Quatro flytta frå USA til Storbritannia. Det er det siste albumet hennar før ho valde å ikkje fornye kontrakten hennar med plateprodusenten Mickie Most sitt RAK Records. I staden for signerte ho kontrakt med Dreamland Records, som vart starta opp av låtskrivarane og produsentane Mike Chapman og Nicky Chinn).[4]:4
Red Starr skreiv for Smash Hits i 1979 og skildra albumet som «ti umiddelbar tilgjengelege bitar med sprettande, streite poprocksongar».[6] I meldinga si for AllMusic gav Donald A. Guarisco albumet 2,5 av 5 stjerner. Han skreiv at Quatro «gjore eit sterkt steg attende til rockerøtene sine» med albumet. Trass i mindre problem er Suzi...and Other Four Letter Words eit solid stykke rock som Suzi Quatro-fansen garantert kjem til å like.»[5]
↑
Hendriks, Phil; Tim Smith (February 2011). Rock Hard(CD booklet)|format= requires |url= (hjelp). Suzi Quatro. London, Storbritannia: 7T's Records. GLAM CD 126.