Tangled Up in Blue
«Tangled Up in Blue» er ein song av Bob Dylan. Songe er opningssporet på Blood on the Tracks frå 1975. Rolling Stone rangerte songen på 68. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Tekst«Tangled Up in Blue» er eit av dei tydlegaste døma på at Dylan prøver å skrive ein «fleirdimensjonal» song som trassar eit fast punkt i tid og rom. Dylan hadde nyleg studert måling og kubismen, som prøvde å nytte fleire perspektiv i eit enkelt synsplan, og var påverka av dette. Som Neil McCormick sa i 2003: «Ein verkeleg usedvanleg episk tekst om ei personleg og upåliteleg soge, teken ut av flakkande minner som ein fem-og-eit-halvt minuttar lang musikalsk Proust.»[1] I eit intervju frå 1978 forklarte Dylan denne skrivemåten: «Det som er forskjellig med denne stilen er at det finst ein kode i teksten og det finst inga tidskjensle. Det er ikkje teke omsyn til tida. Du har i går, i dag og i morgon i det same rommet og det er ikkje mykje du ikkje kan førestille deg som ikkje kan skje.»[2] Teksten er stundom ugjennomsiktig, men songen verkar (som dei fleste songane på albumet) å vere ei soge om ein kjærleik som har enda, men ikkje frivillig. Det siste verset byrjar:
og sluttar
Dylan skreiv stadig om teksten sjølv etter albumet kom ut. Utgåva som finst på konsertalbumet Real Live (og gjennom Europa-turneen i 1984) har ein heilt annan tekst. I den første studioutgåva (frå innspeling i New York City i desember 1974) og ofte i konsertframføringar, har han sunge somme av versa i tredje person, i staden for i første person. Andre utgåverSongen har vorte spelt av mange andre artistar, mellom anna Great White, Jerry Garcia, Half Japanese, Robyn Hitchcock, the Indigo Girls, Ani Difranco, the String Cheese Incident, Twin Valleys og The Whitlams. Songen er med i spelet Rock Band 2, som den vanskelegaste songen i song-seksjonen. Norske utgåverDet er skrive minst tre norske versjonar av songen. Stein Erik Larsen skreiv den første, kalla «Vikla inn i blått» og vart framført Ødeland Kvartal på singelen «4 sanger av Bob Dylan» i 1996. Tom Roger Aadland skreiv ein nynorsk tekst med same tittel, «Vikla inn i blått» for albumet Blod på spora i 2009. Ein annan nynorsk tekst vart skriven av Oddvar Torsheim kalla «Afrika tur-retur blues» på albumet Tur-retur blues i 2000. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
Portal di Ensiklopedia Dunia