Testify er det sjuande studioalbumet og det siste med originale songar av den engelske musikaren Phil Collins.
Albumet nådde 30. plass på Billboard 200-lista i USA og var det andre studioalbumet til Collins der ingen av singlane frå albumet gjekk inn på Topp 40 i USA. Det vart òg det einaste albumet hans som ikkje nådde Topp 5 på albumlista i Storbritannia. Albumet gjorde det derimot godt elles i Europa.
Sjølv om albumet ikkje gjorde det særskild bra, vart turneen etter albumet ein stors suksess.
Produksjon
Testify vart laga over ein toårsperiode heime hos Collins i Sveits og vart spelt inn i Frankrike og Los Angeles. Etter at Collins hadde laga Dance into the Light utan trommemaskin, brukte han no igjen dette instrumentet på Testify.[2]
Plata fekk generelt middels kritikk då det kom ut. Det nådde 30. plass på albumlista i USA den første veka. I Storbritannia nådde det 15. plass, men gjekk heilt til andreplass i Frankrike og vart det mestseljande albumet hans der sidan …But Seriously. I Australia nådde albumet berre 96. plass og i Noreg ein 14. plass.
På Metacritic, som gjev ein normalisert karakter basert på meldingar frå ei rekkje kritikarar, fekk albumet berre 34 av 100, basert på sju meldingar. Dette gjorde albumet at albumet berre hadde tre album som hadde dårlegare score på nettsida.[4]
Den første singelen frå albumet, «Can't Stop Loving You», gjorde det godt på Adult Contemporary-lista i USA og vart ein del spelt på radio. Singelen nådde 76. plass på singellista i USA, men nådde toppen av Adult Contemporary-lista. Dei andre singlane, «Wake Up Call», «Come with Me» og «The Least You Can Do» gjorde det ikkje betre. Den siste singelen, «You Touch My Heart», kom ut i 2005.
Collins sa på den tida at det kom til å bli det siste studioalbumet hans, men han har sidan gjeve ut eit nytt album kalla Going Back, som er ei samling songar frå Motown og andre soulsongar. Det kom ut i september 2010.
Innhald
Alle spor skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde
↑«Austrian album salstrofé – Phil Collins – Testify» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 25. mars 2020.Enter Phil Collins in the field Interpret. Enter Testify in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen