Three Score and Ten«Three Score and Ten» er ein engelsk folkesong med tekst av William Delf. Songen omhandlar eit uvêr som den 8. og 9. februar 1889 som tok fleire fiskebåtar frå Hull og Grimsby ved Humber. Mellom 60 og 70 liv gjekk tapt. William Delf var ein fiskar frå Grimsby som skreiv fleire dikt om ulukka, som han så selde for å skaffe pengar til enkene og borna som sat igjen etter mennene som forsvann på sjøen. Delf sjølv mista livet på sjøen i 1893. Etter kvart vart det skrive melodi til teksten, men ein kjenner ikkje til kven som gjorde dette. Mike Waterson er trekt fram som den mest trulege. Songen vart samla inn frå J. Pearson frå Filey i 1957 av N.A. Huddleston. Ein kopi av den originale teksten av William Delf finst i biblioteket i Grimsby i North East Lincolnshire. Ein av dei mest kjende artistane som har spelt songen er The Watersons, som spelte songen i 1960-åra. Han er òg spelt av The Dubliners, Johnny McEvoy og mange andre. TekstRefreng: Methinks I see some little craft spreading their sails a-lee Methinks I see them yet again as they leave the land behind, October's night was such a sight was never seen before: Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia