Time-Line
Time-Line er det ellevte studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1983.[1] Det var det siste albumet deira før dei vart oppløyst i 1987. Renaissance gjekk bort frå den faste stilen sin på dette albumet og meir i retning av 80-talspop, ei endring som hadde byrja på det førre albumet, Camera Camera. Det var kommersielt mislukka og fekk dårlege meldingar frå musikkpressa.[2] Det vart følgd av ein nesten tjue år lang pause for bandet. Medan stilen på Camera Camera var påverka av bandmedlemmane som hadde spelt i lag som Nevada (Annie Haslam og Michael Dunford, i tillegg til klaverspelaren Peter Gosling), tok Jon Camp leiinga for den musikalske stilen og retninga på Time-Line.[1] Han skreiv alle tekstar og kalla albumet det «beste» dei hadde laga.[3] Mottaking
I ei seinare melding kalla Allmusic Time-Line «den same typen new wave-prog-hybrid som Camera Camera, med anakronistisk, men uimotståelege, små nummer som 'Richard the IX'. Eit hyggeleg og lystig album.»[1] InnhaldAlle spor skrivne av Jon Camp and Michael Dunford, utanom der andre er nemnde
MedverkandeRenaissance
Andre medverkande
Production
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia