Tone Float
Tone Float er eit album av det tyske bandet Organisation. Organisation var ei tidleg utgåve av Kraftwerk, og gav berre ut dette albumet. Etter albumet kom ut starta medlemmar frå bandet Kraftwerk. BakgrunnAlbumet kom berre ut i Storbritannia og selde nokre få eksemplar i august 1969, og vert best hugsa fordi to av bandmedlemmane, Ralf Hütter og Florian Schneider-Esleben, seinare starta gruppa Kraftwerk. Det var produsert av Konrad «Conny» Plank.
Salet var dårleg og RCA valde å droppe bandet, som då vart oppløyst. Albumet har aldri vorte offisielt gjeve ut på nytt, men det finst på piratkopierte CDar og LPar frå 1990-åra. Desse inneheld ofte bonusspor, feilaktig kalla «Vor dem blauen Bock», som i røynda er ein instrumental kalla «Rückstoss Gondoliere», frå ein konsert den 22. mai 1971 av Kraftwerk på TV-showet Beat-Club. Denne songen vart framført av den kortvarige varianten av Kraftwerk med Florian Schneider, Michael Rother og Klaus Dinger (Ralf Hütter hadde slutta i bandet i denne perioden for å studere arkitektur). Rother og Dinger starta sidan Neu!. InnhaldAlle spor skrivne av Schneider-Esleben, Hauf og Mönicks
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia