Unser Star für...Unser Star für... eller Unser Song für... (USf..., tysk for Vår stjerne for... og Vår song for...) er ei årleg tysk musikktevling arrangert av ProSieben og Das Erste som avgjer representanten til Tyskland i Eurovision Song Contest. Tevlinga har vorte arrangert sidan 2010 og har litt ulike namn kvart år, alt etter kor Eurovision Song Contest vert arrangert: Unser Star für Oslo då Noreg arrangerte tevlinga i 2010, Unser Song für Deutschland då Tyskland arrangerte tevlinga og hadde valt Lena internt til sin representant i 2011, Unser Star für Baku då tevlinga vart arrangert i Aserbajdsjan i 2012 og Unser Song für Malmö når tevlinga vert arrangert i Sverige i 2013.[1] Vinnarar
I Eurovision Song ContestSidan Tyskland er ein av dei fem store, dei største bidragsytarane Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), er landet alltid direktekvalifisert til finalen. Lena vann tevlinga i 2010 og fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2010 der ho vann med 246 poeng. Det var den andre sigeren til Tyskland og den fyrste etter at Vest-Tyskland vart sameint på nytt med Aust-Tyskland. Det var òg fyrste gongen eit land frå dei fem store, som då heit dei fire store, vann Eurovision Song Contest. I 2011 vart det stadfesta at Lena fekk representere Tyskland på heimebane. Denne gongen enda ho på tiandeplass med 107 poeng. I 2012 enda Roman Lob på åttandeplass med 110 poeng. Programleiarar
Kjelder
Fotnotar
|
Portal di Ensiklopedia Dunia