Won't Get Fooled Again
«Won't Get Fooled Again» er ein song av rockebandet The Who frå albumet Who's Next frå 1971. Han er skriven av Pete Townshend og kombinerer powerakkordar på gitaren med handsama orgel og synthesizer songen gjennom. Songen fortel om ein «revolusjon av revolusjonar» i ein endelaus syklus, der «the change it had to come, we knew it all along» (‘endringar måtte kome, vi visste det heile tida’), men kvart nye regime viser seg å vere akkurat som det gamle, så då er det berre å ‘ta gitaren og spele, akkurat som i går, så går eg ned på kne og ber om at vi ikkje vert narra igjen’ («pick up my guitar and play, just like yesterday, then I'll get on my knees og pray we don't get fooled again»). Songen vart gjeven ut på singel i 1971, kraftig kutta ned til tre og eit halvt minutt. Singelen nådde niandeplass i Storbritannia og 15. plass i USA. Historie
Songen kom først ut på albumet Who's Next og har sidan dukka opp på mange andre innspelingar, mellom anna ei konsertutgåve for filmmusikken til The Kids Are Alright, ein dokumentarfilm frå 1979 om bandet. Innspelinga vart filma i Sheppterton filmstudio i 1978 og var den siste songen dei fire orignalmedlemmene skulle spele i lag. Songen er kjend for den hakkete orgellyden opp mot powerakkordane frå gitaren som fører fram til eit lang synthesizer-mellomspel, der trommene etter kvart kjem tordnande inn at i lag med eit langt skrik frå Roger Daltrey. Townshend speler akkordar på dei to tangentbretta på eit Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1 orgel frå 1968. Lyden frå orgeleg går gjennom ein lågfrekvent oscillator (LFO) som kontrollerer frekvensen til eit spenningsreguleringsfilter (VCF), med ein sinus- eller triangelforma bølgjeform. Med andre ord forvandlar synthesizeren lyden frå orgelet frå mjukt til skarpt, opp og ned automatisk. Det finst bilete av Townshend som spelar på dette instrumentet, samt ein video der han demonstrerer korleis lyden vart skapt.[2] John Entwistle nytta ein Fender Precision Bass som han sjølv lagde ut av fem andre bassgitarar, og som han passande nok kalla «Frankenstein».[3] Den originale albumutgåva varer om lag åtte og eit halv minutt, medan ei langt kortare utgåve vart gjeven ut på singel, pg i tillegg på nokre samleplater, som Who's Better, Who's Best. Dette var den siste songen som Keith Moon spelte med The Who, den 25. mai 1978 i Shepperton Studios. Songen vart spelt både på Live Aid og 20 år seinare på Live 8. Townshend samarbeiidde og i lag med den klassiske gitaristen John Williams på ei akustisk utgåve for Amnesty International-showet The Secret Policeman's Ball i 1979. Deluxe-utgåva av Who's Next (frå 2003) inneheld ei tidleg utgåve av songen med ein annan struktur go Leslie West på sologitar. Det finst fleire konsertutgåver av songen på plate. I tillegg til The Kids Are Alright-albumet finn ein konsertutgåver på deluxeutgåva av Who's Next frå Young Vic i 1971 og på Live At The Royal Albert Hall frå 2000 med Noel Gallagher som gjesteartist. Bandet spelte òg songen i 2001 på The Concert for New York City. Roger Daltrey, John Entwistle og Townshend har alle spelt songen på solokonsertar. Townshend har radikalt omarrangert songen fleire gonger, og spelt songen i alt frå akustiske utgåver til techno. Songen vart spelt av Van Halen på konsertalbumet deira Live: Right Here, Right Now i 1993. MediabrukFilm og fjernsyn«Won't Get Fooled Again» har vorte nytta i mange filmar, mellom andre Summer of Sam, Outside Providence, Confessions of a Dangerous Mind, Bewitched, Blackball og to gonger i filmen Tenacious D in The Pick of Destiny. Michael Moore bad om løyve til å nytte songen over rulleteksten på dokumentaren hans Fahrenheit 9/11, men han fekk det ikkje og Neil Young sin «Rockin' in the Free World» vart nytta i staden for. «Won't Get Fooled Again» vart nytta i ein reklamefilm i 2000 for Nissan Maxima, og seinare i ein epsiode av The Simpsons («A Tale of Two Springfields»), der The Who er gjestar. «Won't Get Fooled Again» vart kjenningsmelodien til CBS-serien CSI: Miami. Her er òg episode 2 i sesong 7 kalla «Won't Get Fueled Again». Kvar episode av serien opnar med ein teaser som vanlegvis endar med stjerna David Caruso som seier noko dramatisk før det brått vert klippa til skriket til Daltrey. Ein episode av den populære komiserien That '70s Show heiter «Won't Get Fooled Again». VideospelSongen er nytta i videospelet Rock Band og vert nytta som den siste trommesongen spelaren må slå i solokarriere-modus. Parodiar
Ettermæle
Medverkande
Salslister
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia