Basemant Tapes vart spelt inn i 1967. Columbia Records som eig innspelingane til Dylan, sendte The Byrds (som òg var på Columbia) nokre demoar frå innspelingane, mellom anna denne songen og «Nothing Was Delivered». Dei spelte inn begge i Nashville i Tennessee i mars 1968 for albumet deira Sweetheart of the Rodeo, som kom ut seint i august.
Dylan spelte inn songen på ny i 1971 og denne vart med på samlealbumet Greatest Hits Vol. II, med ein tekst som var ganske annleis den frå Basement Tapes. Han song òg ei mistyda tekstlinje frå Byrds-versjonen. Den opphavlege Basement Tapes-demoen hadde teksten «Pick up your money, pack up your tent», som vart mistyda av the Byrds til «pack up your money / pick up your tent». Dylan endra feilen på 1971 versjonen, der han syng «Pack up your money, put up your tent, McGuinn», ein referanse til The Byrds-vokalist og gitarist Roger McGuinn, som tilsynelatande var ansvarleg for denne tekstglippen. McGuinn svarte tilbake på utgjevinga til Nitty Gritty Dirt Band, Will the Circle Be Unbroken: Volume Two frå 1989, der han legger til «Dylan» etter den same «pack up your money / pick up your tent». McGuinn-utgåva, som var saman med Chris Hillman, vart òg gjeven ut som singel, og vart nummer 6 på Hot Country Singles i 1989.
Glen Hansard og Markéta Irglová spelte inn denne songen til filmmusikken til Todd Haynes sin impresjonistiske Dylan-biografi, I'm Not There (2007), dei bruker teksten frå 1971-utgåva, inkludert referansen til Roger McGuinn.
Maria Muldaur spelte inn songen med litt forskjellig tekst på albumet Heart of Mine: Maria Muldaur Sings Love Songs of Bob Dylan (2006) (Telarc).