A Date with Elvis
A Date with Elvis er det åttande albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records (LPM 2011) i juli 1959. Det består av eit utval av songar som var gjevne ut før og ikkje-utgjevne innspelingar i august 1956 i 20th Century Fox Stage One, to frå Radio Recorders i Hollywood, og fleire innspelingar frå Sun Studio. Albumet nådde 32. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista. Det er ikkje lenger i sal på fysisk plate, men finst tilgjengeleg på nettet for nedlasting og strøyming. InnhaldEtter Presley måtte inn i den amerikanske hæren den 24. mars 1958, ønskte RCA Victor og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å halde namnet hans aktivt hos publikum dei to neste åra då han ikkje kunne halde konsertar eller spele i filmar, og gav ut innspelingar frå kvelvet. Det vart arrangert ei innspeling over to dagar i juni, som gav nok songar til fem singelsider. Singelformatet var det kommersielle fokuset for rock and roll i 1950-åra. Fire av desse songane vart gjevne ut på album i 1958 og 1959 medan han var i militærteneste. Sjølv etter det som var vanleg seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, der albuma ofte berre var kring 35 minuttar lange, var dette eit særs kort album på berre 23 minuttar, og vart eit av dei albuma som nådde lågast på salslistene i dette tiåret. RCA gav ut nok eit album i 1959 med tidlegare utgjevne songar, eit samlealbum men det selde enno dårlegare. Presley kom attende til USA i 1960 og gjekk i studio igjen. Ein annan versjon av albumet, med seks av dei same songane frå originalutgåva, med med 14 songar i alt, kom ut i Australia i september 1959. RCA gav ut dei originale 10 songane frå albumet på CD i 1989. I 1986 gav The Cramps ut eit heilt anna album som òg heitte A Date with Elvis. Medverkande
Innhald
Britisk, australsk og tysk nyutgjeving
Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia