Ain't That a Shame
«Ain't That a Shame» er ein song skriven av Fats Domino og Dave Bartholomew. Domino si innspeling av songen vart gjeven ut av Imperial Records i 1955,[1] og vart ein hit som etter kvart selde over ein million eksemplar. Han nådde toppen av Billboard R&B-lista og tiandeplassen på pop-lista.[2] Songen vart rangert på 438. plassen[3] på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen vart nasjonalt kjend då han vart spelt inn p ny av den kvite artisten Pat Boone.[4] Domino sin versjon vart etter kort tid òg populær, og førte musikken hans ut til dei store massane, kring seks år etter den første innspelinga hans, «The Fat Man».[5] Etter «Ain't That a Shame» byrja kjende artistar å spele inn Domino sine songar. Teresa Brewer spelte til dømes utgåva til Domino av folkevisa «Bo Weevil». Ein versjon av songen av Four Seasons klartra til 22. plassen på Billboard-lista i 1963.[6] I følgje segna skal Pat Boone ha føreslått å endre tittelen og teksten til «Isn't That a Shame» for å gjere han meir tiltalande for eit vidare publikum, men dette vart avvist av produsentane.[7] Likevel vart innspelinga til Boone frå 1955 den første songen hans som gjekk til topps på Billboard-lista. Domino sa han likte Boone-versjonen av songen.[4] Boone likte å fortelje ei soge om ein konsert der Domino inviterte Boone på scenen og synte fram ein stor gullring og sa «Pat Boone kjøpte meg denne ringen.»[8] «Ain't That a Shame» var den første songen John Lennon lærte å spele. Han spele seinare inn songen på albumet Rock 'n' Roll.[9] I filmDomino framførte songen i filmen Shake, Rattle & Rock!. Songen er blitt nytta i filmane American Graffiti, October Sky, L.A. Story, School Ties og Mischief. Cheap Trick-versjonenCheap Trick sin versjon nådde 35. plassen på singellista i USA etter han kom ut på konsertalbumet deira Cheap Trick at Budokan. Cheap Trick framførte songen som siste nummer då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Med seg på scenen hadde dei Robert Lamm, James Pankow, Lee Loughnane og Walter Parazaider frå Chicago, David Coverdale og Glenn Hughes frå Deep Purple, Steve Miller, Sheryl Crow, Grace Potter, Steven Van Zandt, Rob Thomas og Paul Shaffer. Salslister (Cheap Trick-versjonen)
Andre versjonar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
Portal di Ensiklopedia Dunia