Rock and Rollin' with Fats Domino
Rock and Rollin' with Fats Domino, i Europa kalla Carry On Rockin', er debutalbumet til R&B-pianisten og vokalisten Fats Domino frå 1955. Det inneheld fleire av hittane hans og andre materiale, som seinare skulle bli hittar. Albumet nådde 17. plassen på Billboard Pop Albums-lista.[2] Ein trur at det har blitt produsert av lydteknikaren Bunny Robyn fordi det på omslaget står «A Robyn Recording».[3] UtgjevingAlbumet vart først gjeve ut på Imperial Records med tittelen Carry on Rockin' i november 1955 og seinare med tittelen Rock and Rollin' With Fats Domino.[4] Det er gjeve forskjellige datoar for nyutgjevinga. The Great Rock Discography indikerer at Imperial 9009 kom ut med alternativ tittel i oktober 1956 og mars 1957,[4] men Domino-biografien Blue Monday indikerer april 1956.[3] Då Domino avslutta kontrakten med Imperial i 1963 for å gå til Paramount, heldt Imperial rettane til dette og fleire andre av albuma til Domino,[5] og gav det ut på LP så seint som i 1981.[6] Det har sidan blitt gjeve ut i lag med eit anna tidleg Domino-album, Million Sellers By Fats, som Rock and Rollin' with Fats Domino/Million Sellers by Fats.[7] SongarSjølv om det var det første albumet til Domion, hadde R&B-pianisten spelt inn singlar i sju år før albumet kom ut.[8] Albumet var sett saman av hitsinglane til Domino, i tillegg til somme songar som etter kort tid skulle bli hitsinglar, som «Ain't That a Shame» (Nr. 1 på Black Singles, Nr. 10 Pop Singles), «All by Myself» (Nr. 1 på Black Singles), «Poor Me» (Nr. 1 på Black Singles), «Bo Weevil» (Nr. 5 på Black Singles, Nr. 35 på Pop Singles) og «Don't Blame It On Me» (Nr. 9 på Black Singles), men hadde ikkje med «Don't You Know» (Nr. 7 på Black Singles), «I Can't Go On» (Nr. 6 på Black Singles) og «Thinking of You» (Nr. 14 på Black Singles).[4][9] InnhaldAlle spor skrivne av Dave Bartholomew og Fats Domino, utanom der andre er nemnde
MedverkandeReferences
|
Portal di Ensiklopedia Dunia