BBC Sessions er eit samlealbum med studio- og konsertopptak av det engelske rockebandet Led Zeppelin for BBC. Det kom ut 11. november 1997 på Atlantic Records. Det var den første utgjevinga av nytt Led Zeppelin-materiale på 15 år. Den første plata bestod av fire forskjellige innspelingar for BBC i 1969. Den andre plata inneheld det meste av konserten frå Paris Theatre i London den 1. april 1970.[1]
Mange piratkopiplater med desse innspelingane eksisterte i årevis før den offisielle utgjevinga. Ho vart teken godt imot av tilhengjarane til Led Zeppelin, sidan det var dei første konsertopptaka av bandet som vart gjeven ut sidan The Song Remains the Same i 1976.
↑Lewis, Dave (2003). «Led Zeppelin at the BBC». Led Zeppelin: The 'Tight but Loose' Files': Celebration II (1st utg.). London: Omnibus Press. s. 8. ISBN1-84449-056-4.
↑Warwick, Neil (2004). «Led Zeppelin - 29 November 1997». The Complete Book of the British Charts (3rd utg.). London: Omnibus Press. s. 627. ISBN1-84449-058-0.