Rock and Roll av Led Zeppelin
«Rock and Roll» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, som først kom ut på det fjerde albumet deira i 1971. Med seg hadde dei The Rolling Stones-pianisten Ian Stewart. OversynSom tittelen indikerer er songen basert på ein av dei mest populære strukturane i rock and roll, 12-taktsbluesprogresjon (i A). «Rock and Roll» står som ein av dei mest kjende songane i katalogen deira. Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page har sagt at songen vart til spontant under ein jam, medan bandet prøvde (og mislukkast) å gjere ferdig songen «Four Sticks».[1][2] Trommeslagar John Bonham spelte introduksjonen til Little Richard sin «Keep a Knockin'» og Page la på eit gitarriff.[3] Lydbanda gjekk og femten minutt seinare var grunnlaget for songen innspelt.[4] På songen spelar òg John Paul Jones piano.[3] Page sa:
Page sa òg :
«Rock and Roll» er ein av få Led Zeppelin-songar der alle i bandet er tilskriven som låtskrivarar. Teksten til songaren Robert Plant refererer fleire tidlege rockesongar frå 1950- og 1960-åra, som «The Stroll», «The Book of Love», og «Walking In the Moonlight». Konsertar«Rock and Roll» vart mykje spela på konsertane til Led Zeppelin frå 1971 og frametter. Plant kalla songen i starten «It's Been A Long Time», som er den første tekstlinja i songen.[3] I 1972 vart han opningssongen på alle konsertane deira, noko han var fram til 1975. I 1977 vart han spelt som ein medley under ekstranummeret med «Whole Lotta Love», og i 1979 og 1980 vart heile songen spela under ekstranummera..[3] På konsertversjonane byta vanlegvis Robert Plant det andre og tredje verset. Eit konsertopptak frå Madison Square Garden i juli 1973 vart innspelt for filmen The Song Remains the Same og det tilhøyrande albumet. Eit anna opptak frå juni 1972 finst på albumet How the West Was Won. I 1985 spela Page, Plant og Jones songen på Live Aid på JFK Stadium i Philadelphia, som ein del av Led Zeppelin-settet med trommeslagarane Tony Thompson og Phil Collins. «Rock and Roll» vart òg spela som siste ekstranummer på konsert for Ahmet Ertegün på O2 Arena i London den 10. desember 2007. Den 7. juni 2008 spela Jimmy Page og John Paul Jones i lag med Foo Fighters-frontmann Dave Grohl og trommeslagar Taylor Hawkins på Wembley stadium på «Rock and Roll» i lag med «Ramble On». Lovord
(*) usortert liste. SingelSongen vart gjeven ut på singel i fleire land med «Four Sticks» som B-side. Singelen nådde 47. plass i USA. I Sør-Afrika kom singelen ut med «Going to California» som B-side. Han vart òg gjeven ut som ein EP i USA i 1972 med «Black Dog» og «Stairway to Heaven». Medverkande
Andre versjonar
Konsertutgåver
Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia