Etter å ha mista to av fem medlemmar og blitt droppa av plateselskapet sitt, signerte Renaissance for Miles Copeland sitt I.R.S. Records. Dei tapte medlemmane vart erstatta av klaverspelaren og songaren Peter Gosling og trommeslagaren Peter Barron. Mellom det førre Renaissance-albumet og Camera Camera, hadde Annie Haslam og Michael Dunford arbeidd med Gosling som ein trio kalla Nevada, gjeve ut to singlar og spelt inn fleire demoar. Den noko meir new wave-prega stilen til Nevada påverka sterkt Camera Camera. Ein av songane på Camera Camera, «Faeries», var spelt inn tidlegare (men ikkje gjeven ut) av Nevada.[2]
Den originale, britiske utgåva av Camera Camera frå 1981, inkluderte ikkje singelen «Bonjour Swansong», men denne songen er med på alle utgjevingar av albumet sidan 1982.[3]
Dette var det siste Renaissance-albumet med tekstar av diktaren Betty Thatcher. Ho skreiv teksten til «Bonjour Swansong» som «eit privat farvel til gruppa.»[4]