Concerto for Group and Orchestra
Concerto for Group and Orchestra er ein concerto komponert av Jon Lord med tekstar av Ian Gillan. Han vart først framført av Deep Purple og Royal Philharmonic Orchestra dirigert av Malcolm Arnold den 24. september 1969 og gjeven ut på vinyl i desember 1969. Utgjevinga var det første Deep Purple-albumet med Ian Gillan på vokal og Roger Glover på bass. Etter at partituret gjekk tapt i 1970, vart det framført på ny i 1999 med eit gjenskapt partitur. 1969-konserten var den første nokon gong som kombinerte rockemusikk og eit fullt orkester. Musikalsk formConcerto for Group and Orchestra syner nokre av karakteristikkane for concerto grosso, sinfonia concertante og solokonsert for orkester:
Original framføring i Royal Albert Hall i 1969FramføringStykket vart først framført og spelt inn den 24. september 1969 i Royal Albert Hall i London, av:
Programmet bestod av:
Delar av tredje satsen av Conerto vart spelt som ekstranummer. UtgjevingarConcerto for Group and Orchestra vart først gjeven ut på vinyl i desember 1969 i USA (Tetragrammaton) og i januar 1970 i Storbritannia (Harvest). Desse utgjevingane inneheldt berre «Concerto», der andre satsen er delt i to halvdelar. Den 4. april 1970 vart Concerto synt på britisk fjernsyn som The Best of Both Worlds. I 1990-åra kom konserten ut på CD med songane «Wring That Neck» og «Child in Time». I 2002 gav EMI ut ei spesialutgåve på DVD-A og SACD med Concerto for Group and Orchestra og heile programmet som vart spelt. I 2003 vart eit videoopptak av konserten gjeven ut på DVD. Fire og eit halvt minutt av første sats manglar derimot i denne videoen. Framføring i Los Angeles i 1970Concerto vart framført ein gong til med Los Angeles Philharmonic Orchestra dirigert av Lawrence Foster ved Hollywood Bowl den 25. august 1970, før partituret gjekk tapt. Framføring i Royal Albert Hall i 1999Den 25. og 26. september 1999, tretti år etter den første framføringa, vart Concerto framført igjen i Royal Albert Hall. For å gjere dette mogeleg vart eit nytt partitur laga av Marco de Goeij som lytta til innspelinga og såg videoen frå 1969-framføringa for å få det til. Musikarane var:
Denne innspelinga av konserten vart gjeven ut som den doble CDen Live at the Royal Albert Hall. Ei nedkorta utgåve av konserten vart òg gjeven ut på DVD, kalla In Concert with the London Symphony Orchestra. 2000-2001 Concerto-turneenDeep Purple la ut på turne med konserten i 2000 og 2001, først i Sør-Amerika med lokale orkester, så i Europa med George Enescu Philharmonic Orchestra, i Japan med New Japan Philharmonic Orchestra, alle dirigert av Paul Mann. Konserten er sidan vorte framført av fleire andre artistar og orkester. Medverkande
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia