Slaves and Masters er det trettande studioalbumet til det engelske rockebandetDeep Purple, gjeve ut 23. oktober 1990. Dette er det einaste Deep Purple-albumet med den tidlegare Rainbow-vokalisten Joe Lynn Turner, som hadde slutta seg til bandet året før etter at Ian Gillan fekk sparken. Før Turner vart tilsett, hadde bandet vurdert songaren Jimi Jamison frå Survivor, men andre plikter gjorde han utilgjengeleg.[4]
Etter utgivinga nådde Slaves and Masters 87. plassenen på den amerikanske Billboard 200-lista.[5] Albumet selde dramatisk under forventningane, samanlikna med det førre albumet til Deep Purple, The House of Blue Light med Gillan, som låg på 34. plassen i USA.[5] Ein song frå innspelinga av Slaves and Masters' vart omarrangert for filmen Fire, Ice and Dynamite frå 1990. Jon Lord spelte ikkje på låten, som vart framført av dei fire andre medlemmene i Mark V-besetninga.
Trass i sviktande albumsal hadde Deep Purple ein relativt vellykka turné til støtte for Slaves and Masters i 1991, spesielt i Europa. Turner var framleis medlem av gruppa då dei byrja å skriva og spela inn sitt neste album i 1992, men under press frå manageren som ønskte ein 25-årsjubileumsturné, bestemde Deep Purple seg til slutt for å ta tilbake Mark II-besetninga til studioalbumet The Battle Rages On... frå 1993. Ei handfull arbeidsspor som opphavleg var tiltenkt oppfølgjaren til Slaves and Masters skulle dukka opp på seinare soloutgivingar av Turner.
«Too Much Is Not Enough» vart spelt inn av Turner til den upubliserte oppfølgjaren til det første soloalbumet hans Rescue You, og han vart òg spelt inn av Paul Rodgers og Kenney Jones-bandet The Law, men heller ikkje dei gav han ut. Originalversjonen til Turner finst på bootleg-en Demos '88 - 91 og The Law sin versjon på bootleg-en The Law II. Turner spelte inn songen på nytt for albumet sitt Hurry Up and Wait (1998).
Musikkvideoar
Albumet vart promotert på TV med profesjonelle musikkvideoar til låtane «King of Dreams» og «Love Conquers All». I begge medverka medlemmer av bandet. Videoen til «King of Dreams» vart spelt inn på Santa Cruz Beach Boardwalk.
Konsertopptak
Med unntak av «King of Dreams», «The Cut Runs Deep» og «Love Conquers All», som av og til har vorte framført av Joe Lynn Turner under soloopptredenane hans, har ingen av låtane frå Slaves and Masters vorte framførte live sidan verdsturnéen til Deep Purple i 1991. Setlista for verdsturneen inkluderte òg «Burn» og «Hey Joe», som Ian Gillan alltid hadde lagt ned veto mot. «King of Dreams» var òg ein del av settlista til Hughes Turner Project sine Europa- og Japan-turnear i 2002. Denne versjonen finst på HTP-albumet Live in Tokyo (2002).
Etter utgivinga fekk Slaves and Masters ei blanda mottaking av kritikarane. AllMusic-skribenten Alex Henderson gav albumet ei negativ melding og sa at «låtskrivinga er svak og keisam, og mesteparten av tida høyrest dei ein gong så mektige Purple (som var minst 16 år over sin beste alder) ut som ein generisk Foreigner-wannabe». [6] Same oppfatning kom til uttrykk i meldingane til journalistane Martin Popoff og Joel McIver, som skildra Slaves and Masters som høvesvis «Litt som eit Rainbow-album av seinare dato» og eit «ekstravagant stykke AOR ... særs lettvekts».[7][8] Dei redda likevel ut nokre få låtar, som «King of Dreams», «Love Conquers All» og «Fire in the Basement», som «i det minste gjer eit rimeleg forsøk på å matcha katalogen til Purple».[8].
Jon Lord sjølv, meir enn kompisane sine Glover og Paice, anerkjende aldri denne plata som eit Deep Purple-album.[9]
På den andre sida hylla Turner ope Slaves and Masters ved å seia at det var «sannsynlegvis (det) siste store Purple-albumet som fanst (...) Det er eit flott album, (det) held mål i dag, eit av dei best innspelte, best skrivne (...) Eg kan nemna kvar einaste tittel og berre seia... kven kan slå det?».[10]
↑Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN978-951-1-21053-5.