Das Model
«Das Model» (på albumet skrive: «Das Modell»; engelsk versjon: «The Model») er ein song av electro-pop-gruppa Kraftwerk frå 1978. Han vart skriven av Ralf Hütter og Karl Bartos, med Emil Schult medverkande på tekst. Songen vart gjeve ut på albumet Die Mensch-Maschine (engelsk versjon The Man-Machine. Songen vart først gjeve ut som singel i Tyskland medan den engelskspråklege versjonen av songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Computer Love» i juli 1981. Denne versjonen nådde 36. plassen på den britiske singellista. Då radio-DJar starta å spele B-sida, gav EMI ut at singelen på ny i desember 1981 - visstnok mot ønsket til bandet - med «The Model» som A-side. Denne nådde førsteplassen på den britiske singellista i februar 1982 og låg i alt 21 veker inne på Topp 25 på UK singles charts.[1] Lister
Rammstein-versjonen
Det tyske tanz metal-bandet Rammstein spelte inn ein tysk versjon av «Das Model» i 1997 som «Das Modell». Songen var ikkje gjeve ut på noko album. «Das Modell» vert introdusert av ei fransk setning av filmregissøren Mathilde Bonnefoy:[5] «Mesdames et messieurs, nous avons l'honneur ce soir, de vous présenter la nouvelle collection de Rammstein» som tyder «Damer og herrar, i kveld har me den ære og presentere den nye samlinga til Rammstein for dykk» – KonsertversjonarTrass i at han vart gjeven ut som singel, vart «Das Modell» berre framført på konsert ein gong, den 23. oktober 1998 i St. Louis, MO, USA, under Family Values-turneen.[6] Lister
Andre versjonarSongen vart først spelt inn av Snakefinger på debutalbumet hans Chewing Hides the Sound i 1979. Støyrockpinoerane Big Black spelte songen på albumet deira Songs About Fucking i 1987. Han er òg spelt inn av The Cardigans, The Members, Terrorvision (med Die Cheerleader), Carter USM, Canasta, The Divine Comedy, Electric Six, Yat-Kha, Balanescu Quartet, Hikashu, Ride, Chris Whitley, Aviador Dro, Eläkeläiset og Zoot Woman, Scala & Kolacny Brothers, Messer Chups, Demolition Group, Wunderkind, Treble Spankers, Fink, Tickled Pink, Sopor Aeternus & the Ensemble of Shadows (på latinsk som 'Modela Est'), Supernaut og Lola Dutronic. Kjelder
}} Bakgrunnsstoff
|
Portal di Ensiklopedia Dunia